Rammeavtale for produkta gjeld 01.05.2022-01.05.2024.
På rammeavtalen er fire produkt representerte, i ulike konfigurasjonar. På utprøvingsrommet er stolar i post 4 og 6 tilgjengelige for utprøving. Stolane i post fire er stolar med sving, tilt og individuell regulering av rygg, leggstøtte og oppreisingsfunksjon. Stolen i post 6 er ein stol med mekanisk oppreising. Stolane i dei andre postane er like i seteeininga som dei i post 4, men har ulike storleikar og konfigurasjonar.
Desse stolane er tilgjengelege for utprøving:
Delkontrakt og rangering
Produkt
Setebredd
Leverandør
Delkontrakt 4, rang. 1
Nova - stol i stoff med skråløft
53
Sunrise Medical AS
Delkontrakt 4, rang. 2
Arctic - stol i stoff med skråløft
50
Hepro AS
Delkontrakt 4, rang. 2
Arctic - stol i hud med rettløft
50
Hepro AS
Delkontrakt 4, rang. 3
Fitform - stol i hud med rettløft og ILPM+ rygg
51
Medema Norge AS
Delkontrakt 6, rang. 1
Active Easyriser - stol i stoff med mekanisk oppreisingsfunksjon
50
Hjelpemiddelpartner AS
Fitform løftestol er tilgjengeleg for utprøving på samtalerommet ved siden av resepsjonen. Dei andre stolane står på utprøvingsrommet.
Nokre typar tilbehøyr er også tilgjengeleg. Tilbehøyret er merkt med hms-nummer og namn.
Nokre av stolane er resirkulerte produkt, og fargen kan difor avvike frå det nye anbodet.
Vil du prøve stolane?
Utprøvingsrommet er tilgjengeleg for alle som ynskjer å prøve dei prisforhandla løftestolane.
Viss du treng hjelp frå rådgjevar ved NAV Hjelpemiddelsentral under utprøvinga, må du fylle ut tilvisingsskjema og sende det til NAV Skanning. Rådgjevar vil ta kontakt for å avtale tid.