Utprøving av hjelpemiddel
På NAV Hjelpemiddelsentral Vestland i Bergen har vi eigne rom for utprøving av hjelpemiddel. Utprøving vert ofte gjort i samarbeid mellom brukaren, ein kommunal terapeut og rådgjevarar frå hjelpemiddelsentralen.
I vekene 7–17 vil tilbodet om utprøving bli påverka av byggearbeid på hjelpemiddelsentralen.
Du finn oppdatert informasjon om endringar i Bergen grunna byggearbeid på denne nettsida.
På utprøvingsromma i finn du til vanleg ein del av dei hjelpemidla som oftast er nytta i samband med utprøving. Utvalet kan variere, så sjekk listene for tilgjengelege hjelpemiddel når du skal foreta ei utprøving.
- tilgjengelege arbeidsstolar
- tilgjengelege elektriske rullestolar
- tilgjengelege manuelle rullestolar og drivaggregat
- tilgjengelege puter
- tilgjengelege stolar med oppreisingsfunksjon
Lån utprøvingsrom
Måndag og fredag kl 10.00-14.00 kan terapeutar låne utprøvingsrom og gjere utprøvingar på eiga hand.
Ta kontakt med NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen på telefon 40 70 28 12 for å avtale tid. Opplys om det på førehand dersom det trengst drosje-rekvisisjon.
Det kan førekomme avvik i opningstidene.
Det er ikkje mogleg å låne utprøvingsromma i vekene 8-17, på grunn av byggearbeid på hjelpemiddelsentralen.
Utprøving av trappeheis
Utprøving av trappeheis med sete og Assistep er mogleg i både Bergen og Førde. Send tilvising dersom du ynskjer utprøving.
Terapeut kan ikkje avtale utprøving med firma, utan at det er godkjend av NAV Hjelpemiddelsentral Vestland.
Open dag for utprøving av hjelpemiddel
I Bergen er det kvar onsdag kl. 10.00-14.00 open dag for utprøving av elektriske og manuelle rullestolar, og for arbeids- og løftestolar.
Grunna ombygginga på hjelpemiddelsentralen vil vi ha eit avgrensa utval hjelpemiddel til utprøving i vekene 8-17.
Open dag er eit tilbod der brukarar i følgje med ergo- eller fysioterapeut frå kommunen, kan prøve prisforhandla hjelpemiddel. Både rådgjevar og teknikar frå hjelpemiddelsentralen er tilgjengelege for spørsmål og hjelp.
Open dag er eit lågterskeltilbod som kan nyttast utan tilvising. Ved komplekse problemstillingar eller behov for å prøve produkt som normalt ikkje er tilgjengelege på utprøvingsromma, må du sende tilvising på vanleg måte.
Send e-post til Vibeke.Svalland@nav.no dersom du har spørsmål om open dag.
Open sykkeldag
Det er open sykkeldag i Bergen kvar torsdag kl. 12.00-14.00. Du må melde deg på for å delta.
Grunna ombygginga på hjelpemiddelsentralen vil vi ha eit avgrensa utval syklar til utprøving i vekene 8-17.
Open sykkeldag er eit tilbod der brukarar frå 0-26 år, saman med sin lokale ergo- eller fysioterapeut, kan prøve prisforhandla syklar. Rådgjevar frå NAV Hjelpemiddelsentral Vestland i Bergen er til stades under utprøvinga. Sykkeldagen gjeld berre enkle sykkelutprøvingar.
Sykkeldagen er eit lågterskeltilbod du kan nytta, utan å sende henvisning. Ved komplekse problemstillingar eller behov for å prøve ut syklar som til vanleg ikkje er tilgjengelege, må du sende henvisning.
Når barn skal delta på open sykkeldag er det viktig at de som er terapeutar sender oss ein e-post i forkant der de beskriv barnet sin funksjon, opplyser om skrittlengde og skriv kva produkt de ynskjer å prøve.
Det vil i hovudsakleg bli sett fram syklar og tilbehør. Det blir forventa at kommunal fysio- eller ergoterapeut har kjennskap til produkta og kan gjennomføre utprøving. Rådgjevar er tilgjengeleg for spørsmål.
Hugs sykkelhjelm!