Stabil utvikling i gjennomsnittleg alderspensjon

I 2017 fekk ein gjennomsnittleg alderspensjonist utbetalt 232 600 kroner. Korrigert for prisutviklinga er det ein auke på omtrent 300 kroner frå 2016.

I praksis svarar det til omtrent uendra pensjon frå 2016. Utviklinga er likevel meir positiv enn året før. Frå 2015 til 2016 sokk realverdien av ein gjennomsnittleg alderspensjon med 1,1 prosent.

 – Den låge veksten dei siste åra heng saman med beskjeden lønnsvekst. Samtidig har vi opplevd relativt sterk prisvekst. Nedgangen i 2016 må likevel seiast å ha vore ekstraordinær, seier seksjonssjef i NAV Ole Christian Lien. Han peiker også på at reallønnsveksten i 2016 var den svakaste på mange tiår. Alderspensjon blir kvart år regulert med den prosentvise lønnsveksten og deretter redusert med 0,75 prosent. Låg lønnsvekst vil difor også føre til lågare vekst i pensjonane.

God vekst for alderspensjonistar dei siste ti åra

Dei fleste pensjonistar har dei siste ti åra fått tydeleg auka kjøpekraft. Justert for prisutviklinga har ein gjennomsnittleg alderspensjon auka med 22 prosent. Arbeidsinntekter og andre pensjonsinntekter har òg auka vesentleg blant pensjonistane.

(saka fortset etter biletet)

Nr 5 Alderspensjon Infografikk 2007-2017 - nynorsk

Last ned illustrasjonen over utviklingen i alderspensjon (png).

Betra konjunktursituasjon i Noreg får betyding for alderspensjonistane

Sidan alderspensjonen blir regulert i takt med lønnsveksten, blir også pensjonistar påverka av den økonomiske utviklinga. Dei siste prognosane for økonomisk utvikling i Noreg tyder på at lønnsveksten vil bli høgare fram mot 2020, samtidig som prisstigninga er venta å vere stabil.

– Dersom utviklinga blir som venta, vil òg alderspensjonistane få ei sterkare utvikling i kjøpekrafta framover, seier Lien.

916 700 alderspensjonistar i 2017 og 1 million innan 2021

I 2017 passerte talet på alderspensjonistar 900 000. Ved utgangen av desember 2017 fekk 916 700 personar alderspensjon. NAVs siste prognose viser at talet på alderspensjonistar vil passere 1 million i 2021. 

For meir informasjon, kontakt pressevakta på telefon: 40 00 31 44.