Eigenmelding
NÅR DU ER SJUK
|Oppdatert 16. september 2023
Eigenmelding betyr at du melder frå til arbeidsgivaren om at du er sjuk - utan at du leverer ein sjukmelding frå ein behandlar.
Innhold
Eigenmelding betyr at du melder frå til arbeidsgivaren om at du er sjuk - utan at du leverer ein sjukmelding frå ein behandlar.
Om eigenmelding
Kopier lenkeLenka er kopiert- Du må ha arbeidd hos arbeidsgivaren i minst to månader for å få rett til å bruke eigenmelding.
- Du kan berre bruke eigenmelding i arbeidsgivarperioden, det vil seie dei første 16 kalenderdagane av sjukefråværet.
- Er du borte meir enn tre kalenderdagar, kan arbeidsgivaren din krevje sjukmelding. Sjukmelding får du hos ein lege eller annan behandlar som har rett til å skrive sjukmelding.
- Har du brukt eigenmelding i forkant av sjukmelding, tel det som brukte eigenmeldingsdagar.
- Eigenmelding kan ikkje kombinerast med gradert sjukmelding.
Korleis bruker du eigenmelding?
Kopier lenkeLenka er kopiertDet er ikkje noko felles skjema for eigenmelding. Kvar enkelt arbeidsgivar utformar rutinar og eigenmeldingsskjema for sine tilsette, anten på papir eller digitalt. Høyr med arbeidsgivaren din om kva for rutinar som gjeld hos dykk.
Kor lenge kan eigenmeldinga vare?
Kopier lenkeLenka er kopiertDu kan bruke eigenmelding for opptil tre kalenderdagar om gongen og opptil fire gonger i løpet av eitt år. Dette er ei minimumsordning, og alle verksemder kan bruke ein utvida rett til eigenmelding i heile arbeidsgivarperioden.
I mange verksemder har dei ansatte rett til å bruke eigenmelding i opptil åtte kalenderdagar om gongen og opptil 24 kalenderdagar i løpet av eitt år. Det er ikke avgrensning i antal gonger.
Undersøk korleis reglane er der du jobbar.
Det er arbeidsgivaren din som godkjenner eigenmeldinga.
Når du har brukt opp dagane med eigenmelding
Kopier lenkeLenka er kopiertDersom du ikkje har fleire eigenmeldingsdagar, må du få sjukmelding frå ein lege eller ein annan som har rett til å skrive sjukmelding. Alternativt kan du snakke med arbeidsgivaren din om å bruke feriedagar eller permisjon (med eller utan lønn), eller du kan be om velferdspermisjon.
Du kan miste retten til eigenmelding
Kopier lenkeLenka er kopiertArbeidsgivaren kan bestemme at du ikkje får bruke eigenmelding dersom
- du har brukt eigenmelding fire gonger i løpet av ein 12-månaders periode
- arbeidsgivaren har rimeleg grunn til å tru at fråværet ditt ikkje kjem av sjukdom
Arbeidsgivaren skal gi deg varsel dersom dei tek frå deg retten til å bruke eigenmelding, slik at du kan uttale deg.
Har du mista retten til å bruke eigenmelding, skal arbeidsgivaren vurdere dette på nytt etter seks månader.
Dersom du må vere heime med sjuke barn
Kopier lenkeLenka er kopiertDersom du må vere borte frå arbeid fordi eit barn er sjukt, kan du ha rett til omsorgsdagar. Disse kjem i tillegg til eigenmeldingsdagane du har når du sjølv er sjuk.