Samordningslova delar trygde- og pensjonsordningane inn i tre forskjellige hovudgrupper. Det er:

  • Ytingar frå folketrygda (pensjon, tidsavgrensa uførestønad, rehabiliteringspengar attføringspengar og overgangsstønad)
  • Personskadetrygd (krigspensjon og "gamal" yrkesskadetrygd)
  • Offentleg tenestepensjon (pensjon som er opptent i arbeidsforhold eller yrke).

Folketrygda sine ytingar ligg i botn av trygde - og pensjonssystemet og skal utbetalast utan avkorting mot andre pensjonsytingar. Personskadetrygdene og tenestepensjonsordningane blir rekna som supplerande ordningar til folketrygda. Samordningslova er basert på dette. Avkorting i ytingar frå andre pensjonsordningar skal såleis først  gjennomførast i offentleg tenestepensjon.

Sjå lov av 6. juli nr. 26 1957 om samordning av pensjons- og trygdeytingar (samordningslova) og dei enkelte pensjonslovene.

Private tenestepensjonar og pensjonsforsikringar er ikkje omfatta av samordningslova.