Regulering av alderspensjon og AFP
Alderspensjon frå folketrygda og AFP i offentleg og privat sektor blir regulerte i mai kvart år. Medan du tener opp pensjon, blir pensjonsrettane dine regulerte éin gong i året tilsvarande lønsveksten i samfunnet.
Regulering av alderspensjon og AFP
Frå 2022 blei alderspensjon og AFP i offentleg sektor under utbetaling regulert med gjennomsnittet av pris- og lønsveksten.
AFP i privat sektor blir regulert med lønsveksten og fråtrekt 0,75 prosent.
Regulering av alderspensjon under opptening
Alderspensjon under opptening blir regulert i takt med den gjennomsnittlege lønsveksten i samfunnet.
- Er du fødd før 1954, tener du opp alderspensjon i form av pensjonspoeng. Verdien av pensjonspoenga kjem an på storleiken på grunnbeløpet i folketrygda, og grunnbeløpet blir regulert éin gong i året i takt med lønsveksten i samfunnet.
- Er du fødd i 1963 eller seinare, tener du opp pensjon i form av ein pensjonsbehaldning. Denne pensjonsbehaldninga blir regulert éin gong i året i takt med lønsveksten i samfunnet. Dersom lønsveksten er 3 prosent, blir eit beløp tilsvarande 3 prosent av pensjonsbehaldninga lagt til pensjonsbehaldninga di.
- Er du fødd i perioden 1954–1962, tener du opp alderspensjon etter ein kombinasjon av desse to prinsippa.
I nettenesta Din pensjon på nav.no kan du sjå korleis pensjonsbehaldninga di har blitt regulert.
Regulering av alderspensjon under utbetaling
Den alderspensjonen du får under utbetaling, blir regulert éin gong i året. Fram til 2021 blei han regulert med den gjennomsnittlege lønsveksten i samfunnet, og deretter redusert med 0,75 prosent. I 2021 blei reguleringa endra slik at den skulle svare til gjennomsnittet av pris- og lønsveksten. Det blei og gitt ein kompensasjon for reguleringa i 2020 slik at pensjonen skulle bli like høg som om den var blitt regulert med gjennomsnittet av pris- og lønsveksten.
Regulering av minste pensjonsnivå og garantipensjon
Personar med låg eller inga pensjonsopptening er sikra ein alderspensjon tilsvarande minste pensjonsnivå. Minste pensjonsnivå regulerast i mai kvart år med gjennomsnittet av pris- og lønsveksten, på same måte som alderspensjon til utbetaling.
Fram til 2021 vart satsane for minste pensjonsnivå og garantipensjon regulerte med lønsveksten og justerte for endring i venta levealder, men aldri dårlegare enn hovudregelen for regulering av alderspensjon under utbetaling.
Minste pensjonsnivå og garantipensjonen blei difor stort sett regulerte litt høgare, og aldri lågare enn annan alderspensjon. Justeringa for endring i venta levealder blei rekna ut på grunnlag av endringa i høvestala ved 67 år.
I 2021 blei minste pensjonsnivå og garantipensjonsnivå regulert slik at dei svarte til gjennomsnitt av pris- og lønnsveksten. I tillegg blei det gitt ein kompensasjon slik at minstenivåa blei like høge som om dei var blitt regulerte med pris- og lønnsveksten også i mai 2020.
Dersom den løpande pensjonen blir lågare enn minste pensjonsnivå eller garantipensjon, anten som følgje av at minstenivåa blir regulerte litt høgare før 2022, eller fordi det blir fastsett særskilte aukingar i minstenivåa, blir det gitt eit tillegg som sørger for at pensjonen aldri blir lågare enn minstenivåa. Dette tillegget kallast minstenivåtillegg og justerast for kvar endring i pensjonen som utbetalast eller i minstenivåa.
Gradert uttak og regulering av alderspensjon
Gradert uttak av alderspensjon vil seia at du berre har teke ut delar av pensjonen din, til dømes 20 prosent alderspensjon. Har du gradert uttak, vil den delen av pensjonen som du har teke ut, bli regulert som annan pensjon under utbetaling. Den delen av pensjonsoppteninga som du ikkje har teke ut, blir regulert med lønsveksten.
Fordi det er ulik regulering av pensjon under opptening og pensjon under utbetaling, vil første regulering etter at du har starta uttak av pensjon, bli justert for uttaksmånad. Tilsvarande justering blir gjort ved første regulering etter at du har endra uttaksgrad.
Regulering av avtalefesta pensjon (AFP)
AFP i offentleg sektor er samansett av grunnpensjon, tilleggspensjon og eventuelt særtillegg pluss eit AFP-tillegg. Grunnpensjonen, tilleggspensjonen og særtillegget blir regulerte på same måte som alderspensjon frå folketrygda, det vil seie med gjennomsnittet av pris- og lønsveksten. Før 2021 blei AFP i offentleg sektor regulert med lønsveksten og fråtrekt 0,75 prosent.
AFP i privat sektor er samansett av ein livsvarig del og eit kronetillegg. Personar som er fødde i perioden 1944 til 1962, får i tillegg betalt ut eit kompensasjonstillegg som ei overgangsordning til dei nye reglane.
Fram til du startar uttak av AFP i privat sektor, blir oppteninga di regulert i takt med lønsveksten, på same måte som opptening av alderspensjon frå folketrygda. Dette gjeld òg kompensasjonstillegget.
Etter at du har teke ut AFP i privat sektor, blir den livsvarige delen av pensjonen regulert med lønsveksten, og deretter redusert med 0,75 prosent. Kronetillegget blir ikkje regulert. Ved første reguleringstidspunkt etter første uttak av AFP blir kompensasjonstillegget auka med ein høvesvis del av lønsveksten frå førre reguleringstidspunkt ut frå når i denne perioden pensjonen vart teken ut. Ut over dette blir ikkje kompensasjonstillegget regulert.