Personer som er minst 50 prosent uføretrygda, vil automatisk få tilsendt honnørkort frå NAV i samband med vedtak om uføretrygd. Dette kjem per post, i tillegg til elektronisk vedtak på Ditt NAV.

NAV vil òg utskriva honnørkort når du kan dokumentera varig offentleg uføretrygd over 50 prosent frå eit anna EØS-land, tilsvarande uføretrygd frå Folketrygden

I januar 2017 fekk honnørkortet eit meir praktisk format. Tidligare honnørkort er fortsatt gyldige, slik at du som allereie har honnørkort ikkje treng å byte til nytt kort.

Manglar eller mista honnørkortet?

Dersom honnørkortet manglar saman med vedtaket om uføretrygd, eller du har mista/øydelagd honnørkoret, kan du

  • ringe oss på telefon 55 55 33 33, tasteval 4 (Alternativet «Gjelder det uføretrygd»), eller
  • bestille nytt honnørkort via tenesta Skriv til oss

Uføretrygd frå eit anna EØS-land

Har du varig offentleg uføretrygd med 50 prosent eller meir frå eit anna EØS-land, tilsvarande uføretrygd frå Folketrygden? For at vi skal kunna utskriva honnørkort kan du bruka desse alternativa:

Svaksynte og blinde

Svaksynte og blinde kan få honnørkort. Det er Noregs Blindeforbund som skriv ut honnørkort i desse tilfella.

Kompetansesenter for døvblinde skriv ut eit eige moderasjonskort til døvblinde som gir same rettar som honnørkort.

Er du over 67 år?

Personar over 67 år får rabatt ved å visa vanleg legitimasjonskort og treng derfor ikkje honnørkort. Viss du pensjonerer deg før 67 år, vil du først ha rett på honnørrabatt frå fylte 67 år.

Meir om honnørkort

regjeringa.no finn du meir informasjon om kven som kan få honnørrabatt og kva type reiser rabatten gjeld for.