Du kan ha rett til tillegg som attlevande dersom eit av vilkåra under er oppfylt:

  • ekteskapet har vart i fem år eller meir
  • du og den avdøde hadde barn saman
  • du har omsorg for den avdødes barn og omsorga har vart i 5 år eller meir.

Partnar og sambuar som du har felles barn med, er likestilt med ektefelle.

Du kan ha rett til attlevandetillegg sjølv om du var skild frå avdøde, dersom ektefellen døyr innan 5 år etter skilsmissa og du ikkje har gifta deg på ny. Ekteskapet må ha vart i 25 år eller meir, eller 15 år eller meir dersom de hadde barn saman.

Kor mykje kan du få i attlevandetillegg?

Attlevandetillegget blir berekna ut i frå at avdøde òg var uføretrygda. Dersom avdøde ikkje var uføretrygda, blir det berekna ei fiktiv uføretygd. Dersom denne uføretrygda er høgare enn di, vil ditt attlevandetillegg vere halvparten av skilnaden mellom dei to uføretrygdene. Det betyr at dersom di uføretrygd er 20 000 kroner i månaden og uføretrygda til den avdøde er berekna til 25 000 kroner, er skilnaden 5 000 kroner. Attlevandetillegget ditt blir dermed 2 500 kroner.

Dersom uføretrygda di er like høg eller høgare enn uføretrygda til den avdøde, har du ikkje rett til attlevandetillegg.

Attlevandetillegget blir redusert dersom du har inntekt som overstig inntektsgrensa i uføretrygda di.

Kor lenge kan du få attlevandetillegg?

Attlevandetillegg blir innvilga for 5 år. Du mister tillegget dersom du giftar deg på ny eller får barn med ein ny sambuar.

Korleis søkjer du?

Du søkjer skriftleg om attlevandetillegg i uføretrygda på skjemaet NAV 17-01.05. Du finner det under «Skjema»..

Søknaden sender du til NAV Pensjon, postboks 6600 Etterstad, 0607 Oslo.

Ver merksam på at mange arbeidsgjevare har ordningar som gjer at du kan ha rettar etter avdøde.