Alderspensjonen er fleksibel

Det er mogleg å ta ut alderspensjon med ein uttaksgrad på 20, 40, 50, 60, 80 eller 100 prosent. Etter at du har starta med å ta ut pensjon, kan du likevel når som helst velje å ta ut heil pensjon eller stanse uttaket heilt.

Kor mykje du tek ut, bestemmer du sjølv, og det er ikkje avhengig av kor mykje du arbeider ved sida av. Dette vil seie at du til dømes kan få 100 prosent pensjon og arbeide 50 eller 80 prosent ved sida av. Mellom 62 og 67 år er val av uttaksgrad likevel avhengig av kor stor pensjonsopptening du har. Du bør setje deg inn kva reglar som gjeld for deg.

Din pensjon får du oversikt over når du kan ta ut pensjon.

Står du lenger i jobb, kan du få høgare pensjon

Kor stor del av alderspensjonen du vel å ta ut, og når du tek han ut, påverkar kor mykje du får utbetalt. Den månadlege pensjonen blir høgare di lenger du ventar med uttaket. I tillegg kan pensjonen bli høgare dersom du held fram i arbeid samtidig som du tek ut pensjon. Du kan tene opp pensjon fram til og med det året du fyller 75 år.

Dersom du får uføretrygd samtidig som du får alderspensjon, må du vere merksam på at uføretrygda di framleis kan bli redusert dersom du har inntekt ved sida av.

Kva vil lønne seg?

Kva som lønner seg, er blant anna avhengig av levealder, skattereglar, rentenivået og den generelle lønnsveksten i Noreg. Korleis ulike forhold slår ut, er individuelt, og det er derfor vanskeleg å gi eit eksakt svar på dette. For å bli kjend med pensjonen din kan du logge deg inn i Din pensjon.

Pensjon frå arbeidsgivar (tenestepensjon og AFP)

Sjølv om du kan kombinere jobb og alderspensjon frå folketrygda, kan det vere andre reglar for pensjon frå arbeidsgivar. Dette må du spørje arbeidsgivaren din eller tenestepensjonsordninga om.

Skatt

Dersom du ønskjer å arbeide og ta ut pensjon samtidig, bør du søkje om nytt skattekort fordi skattereglane for pensjon ikkje er dei same som for arbeidsinntekt. Du treng ikkje å levere skattekortet ditt til NAV, dette får vi automatisk frå Skatteetaten. Har du spørsmål om skatt, må du ringje Skatteetaten på telefon 800 80 000.