Pensjon og familieliv

Enkelte vel i periodar å arbeide redusert på grunn av familien. Det er viktig å vere klar over at deltidsarbeid også påverkar kor stor pensjonen din blir. Arbeider du redusert, tener du mindre enn dersom du arbeider fulltid, og alderspensjonen blir lågare. Har du barn under seks år eller har omsorg for sjuke, funksjonshemma og eldre personar, kan du få pensjonsopptening for omsorgsarbeid.

For periodar der du får foreldrepengar, får du også pensjonsopptening.

Førstegongsteneste

Dersom du avtener førstegongsteneste eller sivilteneste i 2010 eller seinare, kan du få pensjonsopptening for dette. Du må ha minst seks månaders tenestetid for å få pensjonsopptening for førstegongstenesta. Ved tolv månaders tenestetid utgjer pensjonsoppteninga 18,1 prosent av 2,5 gonger grunnbeløpet i folketrygda. Er tenesta kortare enn dette, blir også oppteninga tilsvarande lågare.

Student

Du får ikkje pensjonsopptening for å gjennomføre studium. Du får framleis pensjonsopptening dersom du til dømes har arbeidsinntekt ved sida av.

Opphald i utlandet

Vel du å flytte til eit anna land, kan dette påverke pensjonen din.

Sjølvstendig næringsdrivande

Planlegg du å starte ei eiga bedrift, må du vere merksam på at du i stor grad kan påverke din eigen pensjon. Pensjonen du får frå NAV, er avhengig av kor stor del av inntekta di som blir rekna som pensjonsgivande. Du må kontakte Skatteetaten for å få vite meir.

Langvarig sjukdom eller periodar som arbeidsledig

Dersom du blir arbeidsledig eller sjuk, kan du framleis få pensjonsopptening. Sjukepengar og arbeidsavklaringspengar er likestilte med arbeidsinntekt når det gjeld pensjonsopptening. Du får også pensjonsopptening dersom du får dagpengar eller uføretrygd. Det vil seie at pensjonsoppteninga held fram sjølv om du ikkje er i vanleg arbeid.