I aldersgruppa 67–69 år er skilnaden mellom menn og kvinner blitt 25 prosentpoeng lågare på ti år. Blant dei eldre alderspensjonistane er det mindre endring i utbetalingane.

– Skilnaden mellom kjønna kjem i stor grad av at kvinner har hatt lågare lønn og vore mindre yrkesaktive. I yngre kull har fleire kvinner tent meir til alderspensjonen, forklarer seksjonssjef i NAV, Ole Christian Lien. Han peiker òg på at fleire menn har valt å ta ut alderspensjonen tidleg, og difor får lågare årleg alderspensjon.

Noko nedgang i realverdi

Utbetalingane til alderspensjonistane auka med 5 300 kroner frå 2017 til 2018, ein auke på 2,3 prosent. Samstundes viser berekningar som tar omsyn til prisutviklinga, at realverdien av gjennomsnittleg alderspensjon sokk omkring 0,5 prosent.

– Rekordhøge straumprisar og auka drivstoffprisar som følgje av høgare oljepris har gitt høgare prisvekst enn forventa i 2018, seier Lien.

Kan bli høgare vekst dei komande åra

Nivået på alderspensjonen blir fastsett i takt med lønnsutviklinga hjå arbeidstakarar, redusert med 0,75 prosent. Både i 2017 og 2018 har gjennomsnittslønna i Noreg vist stigande trend, og det er venta høgare lønnsvekst dei neste åra.

– Dei økonomiske utsiktene viser at vi truleg vil få ei betre utvikling i alderspensjonen dei neste par åra. Men som vi har sett i 2018, så kan uventa hendingar endre biletet, seier seksjonssjef Lien.

Færre nye alderspensjonistar i 2018

61 700 personar blei registrert som nye alderspensjonistar i 2018. Det er 2,0 prosent færre enn i 2017.

– Trass noko nedgang i talet på nye alderspensjonistar i 2018, så ventar NAV at talet på alderspensjonistar framleis vil auke i ein god del år framover, fortel Lien.

Ved utgangen av desember 2018 fekk 937 400 personar alderspensjon. NAVs prognosar viser at talet på alderspensjonistar vil passere 1 million i 2021.

For meir informasjon, kontakt pressevakta på telefon 400 03 144.

Alderspensjon Infografikk 2008-2018

 Se infografikken i full størrelse (PNG).