Godkjenning som bestillar

Du treng godkjenning frå NAV Hjelpemiddelsentral for å kunne bruke Bestillingsordninga. For å få godkjenning må du ha brukerpass eller vere fagperson tilsett i kommunen, og du må gjennomføre to e-læringsmodular:

  1. Grunnopplæring i hjelpemiddelformidling (Kunnskapsbanken.net). 
  2. E-læring i Bestillingsordninga (kurskalender på nav.no).  

Grunnopplæringa (1) gjennomfører du på eiga hand, utan å melde deg på. 

Når du er ferdig med grunnopplæringa melder du deg på kurset E-læring i Bestillingsordninga (2). Hugs å melde deg på i ditt eige fylke.

Så snart påmeldinga er registrert får du tilsendt lenke til sjølve opplæringa, som du gjennomfører på eiga hand.

Bestillerar som allereie har godkjenning, treng ikkje ny godkjenning.

Særskild godkjenning eller kompetanse

For enkelte hjelpemiddelgrupper treng du i tillegg særskild godkjenning eller kompetanse. Dette gjeld:

  • Senger og personløfterar (eiga e-læring).
  • Elektrisk rullestol / scooter (eiga e-læring og praktisk kurs).
  • Manuelle rullestolar (kan berre bestillast av ergo- og fysioterapeutar).
  • Trykkavlastande puter (kan berre bestillast av ergo- og fysioterapeutar).

Informasjon om godkjenningsordning for elektrisk rullestol/scooter og for senger og personløfterar, ligg på sentrale sider om hjelpemiddel for samhandlarar.

Også bestillerar med godkjenning frå før, treng særskild godkjenning eller kompetanse for desse hjelpemiddelgruppene.