NAV har, i samsvar med påbod frå nasjonale myndigheiter, innført avlysing av arrangement og tenestereiser. Våre tilsette som kan jobbe heimanfrå skal gjere det. Dette inneber at planlagde brukarkonsultasjonar blir utsett i samråd med kommunane. Dette gjeld også våre bilsenter. 

Utlevering av hjelpemiddel vil i stor grad gå som planlagt. Reparasjon og sørvis på hjelpemiddel vil utførast i høve kapasiteten lokalt og i samarbeid med våre tenesteleverandørar. 

Ikkje kritiske oppgåver som til dømes periodisk ettersyn vil prioriterast ned i tida som kjem. 

Vi ber brukarar som treng meir informasjon om å kontakte kommunen.

Ytterlegare informasjon til tolkebrukarane

Det er viktig at tolkebrukarane i tida som kjem får tolk ved akutte behov. For å få dette til treng NAV å førebyggje smitte og karantene. Vi må derfor avgrense tolkane sine aktivitetar.

Det inneber at vi i så stor grad som mogeleg vil bruke fjerntolking som metode og oppmøtetolk berre der det er heilt nødvendig. Det betyr at vi må prioritere strengt på kva slags oppdrag vi skal gjennomføre. Vi minner elles om vår akuttvakttelefon.

Saman med kommunane er vi no i gang med å finne ut korleis vi skal handtere situasjonar med behov for taktil tolking. Når vi har fått avklart dette, vil det kome meir informasjon frå ressurskontoret for døvblinde ved NAV Hjelpemiddelsentral Vest-Viken.

Vi er inne i ein utfordrande tid og ber om forståing for våre prioriteringar. Vi beklagar samstundes ulempene dette kan føre til. Tolkebrukarar som har spørsmål, kan ta kontakt med sin lokale hjelpemiddelsentral.

Her kan du lese teksten på bokmål.