Det kan òg vere vanskeleg å seie kva konsekvensar eigne val i dag kan få for framtidig økonomi og busituasjon. Økonomisimulatoren Sjef i eget liv kan gje deg ei betre forståing av din eigen økonomi.

Dei fleste som skal kjøpe ein bustad må ta opp eit lån. For at du skal få lån krev banken ei stadfesting på at du kan betene lånet. Ein meglar vil òg krevje eit finansieringsbevis som viser at du er i stand til å kjøpe bustaden før du legg inn eit bod. Det er difor viktig å få oversikt over utgifter og eventuell gjeld. 

Får du ikkje lån i bank?

Startlån og tilskot er for personar som ikkje får lån i vanleg bank til kjøp av bustad, og som heller ikkje har moglegheit for å spare. Les meir om kven som kan få startlån på husbanken.no

Husbanken gjev òg tilskot til privatpersonar når det gjeld tilpassing av bustad, etablering av bustad, refinansiering av gjeld, tilstandsvurdering og til utgreiing og prosjektering. Les meir om tilskota på husbanken.no.

Kommunen kan òg ha andre typar behovsprøvde tilskotsordningar for personar som er spesielt vanskelegstilte på bustadmarknaden. Ta kontakt med kommunen din for meir informasjon.