Grunnstønad

  1. drift av tekniske hjelpemiddel
  2. transport. Du kan få dekt differansen mellom utgiftene du hadde som frisk og nødvendige utgifter du har no.
  3. førarhund
  4. dyrare kosthald på grunn av spesialdiett. Behovet for spesialdiett for den aktuelle diagnosen må vere vitskapeleg dokumentert og alminneleg anerkjent i medisinsk praksis. Dietten må hjelpe den aktuelle sjukdommen. Diagnosen må vere stilt av spesialist. Fleire sjukdommar, som for til dømes cøliaki og cystisk fibrose, gir rett til grunnstønad etter fastsette satsar utan nærare dokumentasjon av ekstrautgiftene. Frå 1. april 2020 får dei som har diagnose cøliaki og non-cøliaki grunnstønad etter to satsar. Dei som er mellom 5 og 30 år får sats 2, alle andre får sats 1. For andre diagnosar som inneberer matintoleranse og dyrare kosthold, blir ekstrautgiftene vurderte individuelt. Frå 1.juni 2021 opphøyrer retten til grunnstønad for dei som har diagnose non-cøliaki. Dette gjeld for allereie innvilga stønader og for nye søknader. Personar som er rørte av dette vil motta eit eige brev.
  5. slitasje på klede, sengetøy, sko og støvlar som følgje av uvanleg ofte vasking eller ekstra slitasje på grunn av bruken. Frå 1.mars 2019 vil alle med diagnostiserte hyperkinetiske forstyrringar, blant anna ADHD med hyperaktivitet, få innvilga grunnstønad sats 1 ved søknad. Det er ein føresetnad at det kjem fram av dei medisinske opplysningane at du har ein hyperaktiv åtferd som forklarer klesslitasjen. Det er ikkje tilstrekkeleg at det berre blir oppgitt diagnosekode eller diagnose. Les meir om regelverket.
  6. servicehund. Du kan få grunnstønad etter sats 3. Stønad til hald av servicehund blir tidlegast gitt frå den månaden ekvipasjen (brukar og hund) er blitt godkjend av servicehundutvalet.