Ung ufør

  • du var under 26 år då du blei alvorleg og varig sjuk
  • sjukdommen er klart dokumentert som alvorleg før fylte 26 år av lege/spesialist
  • du søkjer om uføretrygd før fylte 36 år dersom du har vore meir enn 50 prosent yrkesaktiv etter fylte 26 år
  • Er du ung ufør og lever saman med ektefelle, partnar eller i eit sambuarforhold som har vart i minst 12 av dei siste 18 månadene, er minste årlege yting 2,66 gonger grunnbeløpet i folketrygda.
  • Er du ung ufør og einsleg, er minste årlege yting 2,91 gonger grunnbeløpet i folketrygda.