Dersom sjølve behandlinga har ein slik verknad på deg at du ikkje kan jobbe resten av dagen, kan du få ei sjukmelding for dagen då behandlinga skjer.

  • Den som sjukmelder deg, må stadfeste at det er nødvendig at du ikkje arbeider på grunn av behandlinga.
  • Sjukmelding for enkeltståande behandlingsdagar blir berre godkjend for heile dagar, det vil seie 100 prosent sjukmelding på sjølve behandlingsdagen.
  • Sjukmeldinga skal gi opp talet på behandlingsdagar og tidsrommet for behandlinga.
  • Det kan brukast maksimum éin behandlingsdag i veka.
  • Er det snakk om eit behandlingsopplegg med fleire behandlingsdagar per veke, skal det skrivast gradert sjukmelding. 

Korleis søkjer du om sjukepengar for enkeltståande behandlingsdagar?

  •  Når sjukmeldingsperioden er over, får du ei melding frå NAV. Då er den digitale søknaden klar til å fyllast ut. Du loggar deg inn og sender søknaden frå nav.no.
  • Arbeidsgivaren din må sende inntektsopplysningar slik at vi kan rekne ut kva du skal ha i sjukepengar i samband med behandlingsdagane.  

Arbeidsgivarperioden er det talet på arbeidsdagar du vanlegvis arbeider i løpet av 16 kalenderdagar. Har du femdagars veke, skal arbeidsgivaren din betale sjukepengar for dei første 12 behandlingsdagane.