Kva må du gjere før du vurderer å reise?

For å få sjukepengar må du delta aktivt for å kome tilbake i arbeid så raskt som mogleg. Derfor må du gjere dette før du vurderer å reise:

  1. Du må sjekke med arbeidsgivaren din om reisa vil hindre planlagd oppfølging og aktivitet på arbeidsplassen. 
  2. Du må forsikre deg om at reisa ikkje vil hindre aktivitetar i regi av NAV. Er du usikker, kan du spørje NAV-kontoret ved å skrive til oss her frå nav.no.
  3. Du må sjekke med den som har sjukmeldt deg, om reisa vil forverre helsetilstanden din, og om ho vil hindre planlagd behandling.

Kva kan skje med sjukepengane?

Dersom reisa forlengjer sjukefråværet ditt eller hindrar planlagde aktiviteter, kan du risikere at sjukepengane blir stansa i den perioden du er på reise.

Dersom sjukepengane blir stansa, risikerer du også at sjukepengane blir berekna etter eit nytt og lågare grunnlag når du er tilbake frå reisa.

Dersom du er på reise i fire veker eller meir og sjukepengane blir stansa i denne perioden, risikerer du også å få avslag på vidare søknad om sjukepengar.

Er reisa utanfor eller innanfor EØS?

  • Reiser du utanfor EØS, har du i utgangspunktet ikkje rett til sjukepengar. Du kan likevel søkje NAV om å få behalde sjukepengane i ein avgrensa periode. Vil du vere sikker på svaret, bør du søkje før du reiser. Gå til søknad om å behalde sjukepengar utanfor EØS.
  • Er du EØS-borgar og skal reise til eit land innanfor EØS, treng du ikkje søkje NAV på førehand, men du må sjekke at reisa er foreinleg med pliktene dine som sjukmeld slik som dei er gjorde greie for ovanfor. 
  • Storbritannia blir behandla som ein EU-medlem fram til 31. desember 2020. Fram til då treng du heller ikkje å søkje om å få reise til Storbritannia.

Er du statsborgar i eit land utanfor EU/EØS?

Er du ikkje statsborgar i eit EU/EØS-land, må du søkje om å få behalde sjukepengane dersom du reiser utanfor Norden.

  • Skal du reise innanfor Norden, treng du ikkje å søkje, men du må sjekke at reisa er foreinleg med pliktene dine som sjukmeld slik som dei er gjorde greie for ovanfor.
  • Skal du reise til eit anna land innanfor EU/EØS, må du nytte søknaden på papir. 
  • Skal du reise til andre land utanfor EU/EØS, må du sende digital søknad om å behalde sjukepengar utanfor EØS..

Blei du sjuk i ferien?

Blir du sjuk mens du er på ferie, kan du ha krav på å få utsett feriedagane. Les meir om sykdom i ferien (arbeidstilsynet.no).

Skal du ta ut ferie?

Det er ingenting i vegen for at du kan dra på ferie mens du er sjukmeld, men du får ikkje sjukepengar i ferien. 

Når du tek ut lovbestemt ferie, skal du derfor ikkje søkje om å behalde sjukepengane sjølv om du skal reise ut av Noreg. Då kryssar du berre av for ferie i sjølve søknaden om sjukepengar. Sjukepengane stoppar mens du har ferie, og maksdatoen for sjukepengar blir tilsvarande forskyvd.

Er du delvis sjukmeld?  

Det er ikkje mogleg å ta ut ferie dei dagane du skulle ha arbeidd, og få utbetalt sjukepengar for dei andre. Men har du spart opp plusstid (fleksitid), kan du avspasere dei dagane du skulle ha jobba, og få sjukepengar for dei andre dagane.

Eksempel: 

  • Er du 50 prosent sjukmeld og ønskjer å reise til utlandet i nokre dagar, kan du avspasere halvparten av dagane dersom du har nok plusstid til det. 
  • Har du ikkje nok plusstid til å avspasere alle dagane, må du ta ferie i heile perioden. Det er fordi det ikkje er høve til å kombinere ferie og gradert sjukmelding.

Andre situasjonar der du kan ha rett til sjukepengar

  • Dersom du er medlem av den norske folketrygda og bur utanfor Norge, kan du ha rett til sjukepengar.
  • Dersom du er innlagd i helseinstitusjon for norsk rekning, eller du er dekt av ein trygdeavtale mellom landa, kan du ha rett til sjukepengar.

Meir informasjon

Du kan ta kontakt med kontoret for internasjonale saker på telefon 21 07 37 00. Er du i Noreg, kan du ringje 55 55 33 33.