Studium på deltid

  • Er du sjukmeld frå ein deltidsjobb, men likevel i stand til å halde fram med studia? Då kan du få sjukepengar basert på inntekta di dersom du har kombinert jobb og studium over eit visst tidsrom. 
  • Klarer du derimot å halde fram i jobben, men må avbryte studia på grunn av sjukdom? Då kan du ha krav på arbeidsavklaringspengar som student. Pengane blir berekna ut frå kor mange timar du jobbar.
  • Blir du både sjukmeld frå deltidsjobben og må avbryte studia, kan du ha rett på sjukepengar i kombinasjon med arbeidsavklaringspengar.

Utdanning som eit middel til å kome i arbeid

I somme tilfelle kan NAV godkjenne utdanninga di som eit såkalla arbeidsretta tiltak. Då kan du anten få sjukepengar eller arbeidsavklaringspengar.

Det lokale NAV-kontoret vil vurdere situasjonen og kva for opplysningar som trengst til søknaden din. Du kan be om ein avtale med ein rettleiar på NAV-kontoret ved å ringje 55 55 33 33. 

Sjukestipend frå Lånekassen

Dersom du blir sjuk og ikkje kan møte til undervisninga, kan du få sjukestipend frå Lånekassen.

-----------------

Ta kontakt med NAV-kontoret slik at dei kan vurdere kva som gjeld i situasjonen din.