Sjukepengar til sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar

  • Du er medlem av folketrygda.
  • Du er under 70 år.
  • Grunnen til at du ikkje kan jobbe, er din eigen sjukdom eller skade. Du har vore i jobb i minst fire veker rett før du blei sjuk.
  • Sjukefråværet gjer at du taper minst 20 prosent av inntekta di. Inntekta må i tilfelle vere pensjonsgivande, det vil seie inntekt du får som lønn og betaler skatt av. 
  • Inntekta di svarer til minst femti prosent av grunnbeløpet i folketrygda (1/2 G).
  • Som frilansar må du jamleg ha hatt inntekt frå oppdrag.
  • Får du fosterheimsgodtgjersle, blir du rekna som frilansar. 
  • Får du omsorgsstønad, blir du rekna som frilansar. Du blir rekna som arbeidstakar berre dersom du har ein avtale med kommunen som tilseier at de har eit arbeidsforhold.
  • For deg som er sjølvstendig næringsdrivande utgjer sjukepengane 80 prosent av sjukepengegrunnlaget.
  • For deg som er frilansar utgjer sjukepengane 100 prosent av sjukepengegrunnlaget.
  • oversikt over innbetalt forskotsskatt
  • skattemelding som enno ikkje er lagd ut
  • oppgåve frå regnskapsfører eller revisor dersom ho inneheld opplysningar om pensjonsgivande årsinntekt
  • Periodar 3 år tilbake i tid blir lagde saman dersom det er mindre enn 26 veker mellom nokon av periodane. 
  • Har du brukt opp dei 52 vekene, må det gå 26 veker utan sjukepengar eller arbeidsavklaringspengar for at du kan få sjukepengar på nytt. (Det finst nokon unnatak for periodar med arbeidsavklaringspengar eller tiltakspengar.)
  • dersom sjukmeldinga di gjeld reisetilskot
  • dersom du ikkje har bankID eller annan legitimasjon på høgaste tryggleiksnivået 
  • dersom du har strengt hemmeleg adresse i Folkeregisteret