Sjukepengar til jordbrukarar og reindriftsutøvarar

I utgangspunktet får du sjukepengar med 80 prosent dekning frå 17. sjukefråværsdag. Som jordbrukar eller reindriftsutøvar kan du likevel ha ei kollektiv forsikring som gir deg rett til sjuke¬pengar med 100 prosent dekning. Dersom det er tilfellet, må du få ein attestasjon frå likningsmyndigheitene på at du er omfatta av den kollektive forsikringa.

Du kan i tillegg teikne individuell forsikring som gir deg 100 prosent dekning dei 16 første sjukefråværsdagane.

Les meir om forsikring for jordbrukarar og reindriftsutøvarar.

Når du skal søkje om tilskot til avløysar

Treng du å leggje ved sjukmeldinga som vedlegg til ein søknad, ber du legen om å gi deg sjukmeldinga på papir. Då kan du bruke del C som vedlegg til søknaden.

Du kan likevel nytte den digitale sjukmeldinga og sjukepengesøknaden overfor NAV. Då kastar du berre del B og del D, mens du beheld del C. I del C  kjem ikkje diagnosen fram, derfor er det viktig at du berre gir frå deg denne.

Kven blir rekna som jordbrukar?

Du blir rekna som jordbrukar skatteoppgjeret for det siste året viste at du hadde ei nærings¬inntekt frå jord , skogbruk eller reindrift på minst 8000 kroner, og at det utgjorde minst 20 prosent av den samla nettoinntekta di. Du blir også rekna som jordbrukar dersom du kan godtgjere at du kjem til å ha ei tilsvarande inntekt framover.

Kven blir rekna som reindriftsutøvar?

Du blir rekna som reindriftsutøvar når du ifølgje lova har rett til å utøve reindrift. Du dokumenterer at du er omfatta av den kollektive forsikringa ved at reindriftsagronomen i beiteområdet ditt attesterer at du er registrert reindriftsutøvar.

Sjukepengar til sjømenn

For sjømenn blir sjukepengane berekna som for arbeidstakarar, med to unntak:

  • Du kan få sjukepengar dersom du er arbeidsufør som sjømann, sjølv om du frisk nok til å jobbe i eit anna yrke.
  • Du har rett til sjukepengar sjølv om du har vore i arbeid i mindre enn fire veker.

Sjukepengar til fiskarar

Fiskarar som er registrerte i fiskarmanntalet på blad B, har ei kollektiv forsikring som gir rett til sjukepengar med 100 prosent dekning frå første sjukefråværsdag. Du har rett til sjukepengar sjølv om du har vore i arbeid i mindre enn fire veker.

Får du lott, blir du rekna som sjølvstendig næringsdrivande. Har du hyre, blir du rekna som arbeidstakar. Nedanfor kan du sjå meir om kva du skal sende inn.

Sjukepengar til vernepliktige

Har du avtent militær eller sivil teneste, har du same retten til sjukepengar som arbeidstakarar. Retten gjeld sjukdom eller skade som oppstår mens du avtener verneplikta. Du får sjukepengar frå og med dagen etter dimittering.

Du har rett til sjukepengar sjølv om du har vore i arbeid i mindre enn fire veker.

Ordninga omfattar også dei som har utført verneplikt i

  • Heimevernet
  • militære skular
  • reservepolitiet

Det same gjeld vernepliktige og utskrivingspliktige som er fritekne for militærteneste og er overførte til sivilt arbeid.

Be legen om å få sjukmeldinga på papir. Du treng henne når du skal søkje om sjukepengar, sjå nedanfor. 

Sjukepengar til deg som har vore mellombels ute av arbeid

Hadde du vore ute av inntektsgivande arbeid i mindre enn éin månad då du blei sjuk? Du kan ha rett til sjukepengar frå NAV dersom

  • du framleis er ute av inntektsgivande arbeid, eller
  • du har vore i arbeid i mindre enn fire veker

Periodar med desse ytingane frå NAV blir ikkje rekna som å vere mellombels ute av arbeid:

  • dagpengar
  • sjukepengar
  • pleie-, opplærings- og omsorgspengar
  • foreldre- og svangerskapspengar

Ulønt permisjon etter utløpet av foreldrepengeperioden kan gi rett til sjukepengar dersom du er så sjuk at du ikkje kan ta deg av barnet. For å ha rett til sjukepengar må du ha ein avtale om å ta til att i arbeidet etter permisjonen.

Du kan få sjukepengar frå og med den 15. dagen etter sjukmeldingstidspunktet. Sjukepengane utgjer 65 prosent av sjukepengegrunnlaget dersom du ikkje er i arbeid, og 100 prosent dersom du er i arbeid når du blir sjukmeld.

Føresetnaden for rett til sjukepengar er at du kan godtgjere at du taper ei årleg inntekt som minst svarer til 1 G (grunnbeløpet i folketrygda).

Sjukepengar til deg mellom 62 og 70 år

Personar mellom 62 og 70 år har rett til sjukepengar uavhengig av om dei har teke ut alderspensjon.

Er du mellom 67 og 70 år, har du rett til sjukepengar i opptil 60 dagar dersom inntekta kjem over 2 G (grunnbeløpet i folketrygda). 60-dagarsregelen gjeld frå og med dagen etter at du fylte 67 år, og til og med dagen før du fyller 70 år. Har du fylt 70 år, har du ikkje rett til sjukepengar.

Sjukepengar til uføretrygda

Kombinerer du arbeid med uføretrygd, kan du ha rett til sjukepengar. Sjukepengane blir berekna ut frå den arbeidsinntekta du har. Sjukepengane vil kunne redusere utbetalinga av uføretrygda på same måten som arbeidsinntekt gjer, men uføregraden blir ikkje påverka.

Korleis søkjer du?

Har du nytta den digitale sjukmeldinga, får du ei melding frå NAV når søknaden er klar til å fyllast ut. Du loggar deg inn og sender søknaden frå nav.no. Varer sjukmeldinga lenger enn 31 dagar, blir ho automatisk delt opp, og du kan levere søknaden om sjukepengar før heile sjukefråværet er over.

Inntektsopplysningar

  • Er du arbeidstakar, skal arbeidsgivaren sende inntektsmelding med opplysningane dine.
  • Er du sjølvstendig næringsdrivande og/eller frilansar, sender du inntektsopplysningane sjølv. 
  • Du kan sende opplysningane frå  skjemarettleiareneller i posten, til same adresse som del D.

Somme må bruke papirsøknad

I desse tilfella må du bruke del D i papirsjukmeldinga til å søkje om sjukepengar:

  • Du blir sjukmeld på eit sjukehus.
  • Sjukmeldinga di gjeld reisetilskot.
  • Du har ikkje bankID eller annan legitimasjon på høgaste tryggleiksnivået.
  • Du har strengt hemmeleg adresse i Folkeregisteret.

Du sender del D av papirsjukmeldinga saman med  inntektsopplysningar til NAV. . Finn rett adresse for del D og inntektsopplysningar.

Utbetalingar

Saksbehandlinga kan starte når NAV har fått søknaden om sjukepengar og inntektsopplysningane.

Du kan lese om saksbehandlingstider for å sjå når du vanlegvis skal ha pengane på konto. Du kan også sjekke utbetalingar ved å logge deg inn på Ditt NAV (nav.no).

Meld frå om endringar

Er det endringar i inntekta og/eller jobbsituasjonen din? Det kan ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du straks melde fra til NAV. 

Sjukepengar når du er på reise

Vurderer du å reise mens du er sjukmeld, er det nokre ting du må sjekke på førehand. Dersom reisa hindrar deg i å ta hand om pliktene du har mens du er sjukmeld, får du ikkje behalde sjukepengane.  Les om hva du må gjøre før du reiser.