Kven kan få sjukepengar?

Du kan ha rett til sjukepengar dersom alt dette gjeld deg: 

  • Du er medlem av folketrygda.
  • Du er under 70 år.
  • Grunnen til at du ikkje kan jobbe, er at du sjølv er sjuk eller skadd.
  • Du har vore i jobb i minst fire veker rett før du blei sjukmeld.
  • Sjukefråværet gjer at du taper inntekt. Inntekta du mistar, må i tilfelle vere pensjonsgivande, det vil seie inntekt du får som lønn og betaler skatt av. 
  • Inntekta di svarer til minst femti prosent av grunnbeløpeti folketrygda (1/2 G). Denne inntektsgrensa gjeld berre etter arbeidsgivarperioden, vanlegvis dei første 16 dagane av sjukefråværet.

For å få rett til sjukepengar må du levere eigenmelding eller sjukmelding (legeerklæring). Retten til sjukepengar tek til den dagen arbeidsgivaren din har fått beskjed om at du er sjuk, derfor må du varsle arbeidsgivaren så snart som mogleg.

Er du sjuk lenger enn eigenmeldingsdagane, må du kontakte lege. Kiropraktor eller manuellterapeut kan sjukmelde deg i inntil 12 veker dersom årsaka til at du ikkje kan jobbe, er plager i musklar og skjelett.

Vanlegvis kan sjukmeldinga skrivast ut tidlegast frå den datoen du er hos behandlaren. Får du ikkje time same dagen, kan den dagen du snakka med behandlaren på telefonen, godtakast som start på sjukmeldinga. Dette føreset at telefonsamtalen blir følgd opp med time få dagar etter telefonsamtalen.

Ver merksam på at det finst ulike former for sjukmelding, avhengig av situasjonen din.  

Får du fosterheimsgodtgjersle? Då blir du rekna du som frilansar. Det same gjeld dersom du får omsorgsstønad, med mindre du er tilsett hos ein arbeidsgivar. Sjå eigen informasjon for frilansarar.

Dersom du har fleire jobbar

Er du sjukmeld frå fleire jobbar, må du ha éi sjukmelding for kvar av dei. Sjukepengegrunnlaget blir berekna ut frå den samla inntekta di.

Får du fosterheimsgodtgjersle eller omsorgsstønad i kombinasjon med anna inntekt, blir det rekna som fleire jobbar.

Har du inntekt både som frilansar og som arbeidstakar, blir sjukepengane betalte ut etter reglane for arbeidstakarar.

Dersom reisa er problemet

Klarer du å jobbe, men har problem med å reise til og frå arbeidsstaden? Då kan du ha rett til reisetilskot i staden for sjukepengar frå 17. dag etter at du blei sjukmeld.

Aktivitet mens du er sjukmeld

For å få rett til sjukepengar skal du så tidleg som mogleg forsøkje deg i aktivitet som har med arbeid å gjere. Hovudregelen er at du har plikt til å vere i slik aktivitet innan det har gått åtte veker. 

Legen skal alltid vurdere om det er tungtvegande medisinske grunnar til at du må vere borte frå arbeidet, både ved første sjukmelding og seinare. Dersom du kan utføre nokre av dei vanlege arbeidsoppgåvene dine, skal du ha gradert sjukmelding.  

Innan fire veker skal du og arbeidsgivaren din lage ein oppfølgingsplan som gjer greie for korleis du raskast mogleg kan kome tilbake til jobb.

Er sjukmeldinga kortare enn 12 veker, vurderer vi aktivitetskravet opp mot det yrket du har. Blir sjukefråværet langvarig, vurderer vi også om det er mogleg for deg å jobbe i andre yrke.

Du kan gå tilbake til jobb før sjukmeldinga er over. Då gjer du berre ein avtale med arbeidsgivaren din. Du treng ikkje spørje legen eller NAV. Når du sender søknaden om sjukepengar, fyller du berre ut når du tok til å jobbe igjen.

Du kan også jobbe i kombinasjon med sjukmelding. Det kjem på kva sjukdommen tillèt, og kva det er praktisk mogleg å få til på arbeidsplassen.

Kor mykje kan du få?

Sjukepengar frå arbeidsgivaren

Arbeidsgivaren din betaler ut sjukepengar for dei første 16 kalenderdagane frå og med første sjukefråværsdagen. Alle dagar blir talde med, ikkje berre dei dagane du skulle ha vore på jobb. 

Du kan få sjukepengar som svarer til full lønn frå arbeidsgivaren din, men du har ikkje rett til eit sjukepengegrunnlag som kjem over 6 gonger grunnbeløpet i folketrygda (G) frå NAV. Somme arbeidsgivarar gir sjukepengar etter eit sjukepengegrunnlag som kjem over 6 G. Kontakt arbeidsgivaren din for å undersøkje kva som gjeld på arbeidsplassen din.

Dersom arbeidsgivaren din ikkje godkjenner sjukmeldinga, kan du du søkje NAV om å betale deg sjukepengardei første 16 dagane, som er arbeidsgivarperioden. Då vil NAV vurdere om du har rett til sjukepengar desse dagane.

Sjukepengar frå NAV

Når NAV skal betale sjukepengar frå 17. dag, fastset vi eit eige sjukepengegrunnlag. Gjennomsnittet av inntekta di dei tre siste heile kalendermånadene blir rekna om til årsinntekt. Dersom denne årsinntekta avvik meir enn 25 prosent frå inntekta du har hatt dei siste 12 månadene, skal sjukepengegrunnlaget fastsetjast ved skjønn.

Er lønna di varig endra i løpet av dei tre siste månadene, blir inntekta rekna frå det tidspunktet lønna blei endra. Det er berre arbeidsinntekta som er med i sjukepengegrunnlaget. Feriegodtgjersle er ikkje med i grunnlaget, heller ikkje overtidslønn, med mindre det gjeld fast overtid som er pålagd i arbeidsavtalen din.

Ved gradert (delvis) sjukmelding har du rett til sjukepengar for den delen du er sjuk. Sjukepengane kan graderast frå 100 prosent og ned til 20 prosent.

NAV betaler ikkje ut sjukepengar for eit sjukepengegrunnlag som kjem over 6 gonger grunnbeløpet i folketrygda (G).

Sjukepengar frå folketrygda kan gi rett til feriepengar. Du får berre feriepengar for dei første 48 sjukepengedagane i oppteningsåret. Feriepengane utgjer 10,2 prosent av dei sjukepengane som gir rett til feriepengar.

Kor lenge kan du få sjukepengar?

Du kan maksimalt få sjukepengar i 52 veker. Tidsavgrensinga er den same anten du er helt eller delvis sjukmeld. Det er eigne reglar for deg som er mellom 67 og 70 år.

Har du brukt opp retten på 52 veker? For å få rett til sjukepengar på nytt må du som hovudregel ha vore heilt arbeidsfør i 26 veker etter at du sist fekk sjukepengar frå NAV.

Dersom du har fått sjukepengar i 52 veker og framleis ikkje kan arbeide på grunn av sjukdom eller skade, kan du ha rett til andre ytingar som arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd.

Korleis søkjer du?

Først leverer du sjukmeldinga til arbeidsgivaren din. Når perioden for sjukmeldinga er over, søkjer du om sjukepengar. Du må søkje sjølv om arbeidsgivaren din betaler deg lønn mens du er sjuk. Arbeidsgivaren krev pengane tilbake frå NAV basert på søknaden din. Har du levert digital sjukmelding, får du ei melding frå NAV når søknaden er klar til å fyllast ut. Meldinga inneheld ei lenkje til den digitale søknaden. Du loggar deg inn og sender søknaden frå nav.no. 

Er sjukmeldinga lengre enn 31 dagar, blir ho delt opp automatisk, og du kan levere søknaden om sjukepengar før heile sjukefråværet er over. Du får ei melding når søknaden er klar til å fyllast ut. Du kan også sjekke datoen ved å logge inn på Ditt sykefravær

OBS: Har du levert søknaden digitalt, skal du ikkje levere han på papir i tillegg.

Arbeidsgivaren din må sende inntektsopplysningar 

NAV kan behandle søknaden når arbeidsgivaren din har sendt oss opplysningar om inntekta. Dersom du har pålegg om faste trekk, må arbeidsgivaren din også fylle ut skjemaet for trekkopplysningar.

Dersom du må levere søknaden på papir

I somme tilfelle får du sjukmeldinga på papir:

  • dersom du blir sjukmeld på eit sjukehus
  • dersom sjukmeldinga di gjeld reisetilskot
  • dersom du ikkje har bankID eller annan legitimasjon på høgaste tryggleiksnivået 
  • dersom du har strengt hemmeleg adresse i Folkeregisteret

Del C av sjukmeldinga leverer du til arbeidsgivaren din. Del D – søknaden – leverer du til den som skal betale ut sjukepengar. Arbeidsgivaren betaler dei første 16 kalenderdagane. Er du sjukmeld lenger, er det NAV som betaler sjukepengar. I somme tilfelle betaler arbeidsgivaren ut sjukepengane og får dei tilbake frå NAV seinare. Sjekk med arbeidsgivaren din kva som gjeld på arbeidsplassen din.

Arbeidsgivaren din må uansett sende inntektsopplysningar digitalt til NAV. Finn rett adresse for del D.

Sjukepengar når du er på reise

Vurderer du å reise mens du er sjukmeld, er det nokre ting du må sjekke på førehand. Dersom reisa hindrar deg i å ta hand om pliktene du har mens du er sjukmeld, får du ikkje behalde sjukepengane. Les om kva du må gjere før du reiser.

Sjuk i ferien

Blir du sjuk før eller mens du er på ferie, kan du ha krav på å få utsett feriedagane. Les meir om sjukdom i ferien på arbeidtilsynet.no. 

Utbetalingar

Du kan lese om saksbehandlingstider for å sjå når du normalt får pengane på konto. Du kan også sjekke utbetalingar ved å logge inn på Ditt NAV (nav.no).

Meld frå om endringar

Er det endringar i inntekta eller jobbsituasjonen din? Eller planlegg du opphald i utlandet? Det kan ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV.