Kven kan få reisetilskott?

  • Du er yrkesaktiv – det vil seie arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande eller frilansar. 
  • Du treng transport til og frå arbeidsstaden på grunn av helseplager.
  • Du har i utgangspunktet rett til sjukepengar. Reisetilskotet kjem då i staden for sjukepengane.

Arbeidsgivaren din dekker utgiftene i arbeidsgivarperioden, det vil seie dei første 16 dagane av sjukefråværet. Klarer du å jobbe dersom du får hjelp med transporten i denne perioden, gjer du berre ein avtale med arbeidsgivaren din. 

Frå dag 17 er det NAV som dekker utgiftene dersom du har krav på reisetilskot.

Du får ikkje reisetilskot for transport som du treng i løpet av arbeidsdagen, altså i samband med at du utfører sjølve jobben. Reisetilskot blir berre gitt for transport fram og tilbake til jobben. 

Kor mykje kan du få?

Reisetilskotet dekkjer nødvendige ekstra reiseutgifter til og frå jobben mens du er sjuk, altså transportutgifter utover det du har til vanleg. Må du bruke eigen bil på grunn av sjukdom, blir utgiftene berekna etter statens reiseregulativ.

Når tilskotet blir berekna, blir dei utgiftene som du vanlegvis ville ha hatt til transport, trekte frå beløpet du får utbetalt. 

Reisetilskotet er avgrensa oppover til det beløpet du ville ha fått i sjukepengar for same tidsrommet. Er du delvis sjukmeld, får du reisetilskot for den delen av dagsatsen din som du ikkje får sjukepengar for. Eksempel:

  • Peter tener 312 000 kroner per år delt på 260 dagar = kr 1200 i dagsats.
  • Dersom Peter jobbar 50 prosent og er 50 prosent sjukmeld, utgjer sjukepengane 600 kroner.
  • Peter kan få refundert taxiutgifter avgrensa oppover til 600 kroner.

Så lenge behovet ditt er mellombels, er det inga avgrensing i talet på dagar du kan få reisetilskot. Det er transportbehovet som må vere mellombels, ikkje sjukdommen eller skaden. Har du ein varig sjukdom, kan du få reisetilskot dersom sjukdommen gjer at du har eit ekstra transportbehov i kortare periodar. 

Har du eit varig behov for transport til og frå jobben? Då kan det i staden vere aktuelt med arbeids- og utdanningsreiser eller tilskot til bil i arbeid og utdanning.

Korleis går du fram?

Den som sjukmelder deg, fyller ut punktet om reisetilskot i sjukmeldinga. Her må det gå fram 

  • kva periode det blir søkt reisetilskot for 
  • grunngiving for at du ikkje kan reise på vanleg måte til og frå jobben, og at du elles ville ha vore sjukmeld

Somme arbeidsgivarar betaler deg reiseutgiftene på førehand. Då søkjer dei om å få pengane tilbake frå NAV etterpå. 

Dersom arbeidsgivaren din ikkje betaler deg på førehand, eller dersom du er sjølvstendig næringsdrivande eller frilansar, må du leggje ut for reiseutgiftene sjølv.

Slik søkjer du om å få tilbake pengane

  • Du fyller ut søknad om reisetilskot til arbeidsreiser.
  • Du legg ved kvitteringar for transporten.
  • Er du delvis sjukmeld, søkjer du i tillegg om sjukepengar ved å fylle ut del D av papirsjukmeldinga. Du kan dessverre ikkje bruke digital søknad når det gjeld reisetilskot.

Er du sjølvstendig næringsdrivande eller frilansar? Då sender du også skjema for inntektsopplysningar.

Slik søkjer arbeidsgivaren om refusjon

  • Fyll ut søknadsskjemaet for refusjon for arbeidsgivarar.
  • Kryss av for kva dokumentasjon du legg ved.
  • Det kjem opp eit førstesideark som du skriv ut og legg øvst når du sender skjemaet i posten.
  • Hugs å sende digital inntektsmelding i tillegg.

Når blir pengane utbetalte?

NAV betaler ut reisetilskotet når vi har fått skjemaet, originalkvitteringane og inntektsmeldinga.

Meld frå om endringar

Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller dersom du planlegg opphald i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du straks melde frå til NAV.