Kor mykje og kor lenge?

Sjukepengane kan graderast ned til 20 prosent. Periodar med graderte sjukepengar blir rekna med i den tida du kan få sjukepengar, som er maksimalt 52 veker. Tidsavgrensinga er altså den same anten du er heilt eller delvis sjukmeld.

Praktisk gjennomføring

For å kunne arbeide delvis er du avhengig av at arbeidsgivaren din legg til rette for det. De samarbeider om å finne fram til ei arbeidsordning som fungerer. Set dykk eit mål og lag ein plan for korleis de kan tilpasse jobben og arbeidsmengda, gjerne saman med den som har sjukmeldt deg.

Det er to måtar å vere delvis sjukmeld på:

  • Du kan jobbe færre timar enn vanleg, med færre arbeidsoppgåver.
  • Du kan bruke lengre tid på dei arbeidsoppgåvene du utfører.

Som eit eksempel kan du bruke heile dagen på å utføre 50 prosent av dei vanlege oppgåvene dine.