Denne ordninga er aktuell dersom helsa din er slik at du kan kome tilbake i arbeid, men ikkje til den jobben du hadde då du ble sjuk.

Kven kan få friskmelding til arbeidsformidling?

Ordninga gjeld alle som har rett til sjukepengar, det vil seie både arbeidstakarar, sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar. Desse to krava må vere oppfylte:

  • Arbeidsforholdet ditt er slutt i samsvar med arbeidsmiljølova.
  • Du er registrert hos NAV som arbeidssøkjar.

I praksis betyr dette:

  • Du seier opp den jobben du er sjukmeld frå.
  • Legen gir deg ei sjukmelding med friskmeldingsdato og stadfestar at det er helsa som gjer at du må seie opp den jobben du har.
  • NAV må ha ei skriftleg stadfesting på at arbeidsforholdet ditt er avslutta den dagen du er friskmeld.

Kva kan du få?

Du kan få sjukepengar i inntil 12 veker mens du søkjer på ny jobb. Du fyller ut meldekort i desse vekene. Har du ikkje fått ny jobb innan den tid, kan du søkje om dagpengar. 

Maksimal periode med sjukepengar er 52 veker, inkludert vekene med friskmelding til arbeidsformidling.

Korleis søkjer du?

Både NAV-kontoret og legen kan ta initiativet til friskmelding til arbeidsformidling i samband med at dei følgjer deg opp mens du er sjuk. NAV-kontoret kan ta initiativ til dialog både med både legen og arbeidsgivaren din, og du kan ta initiativ sjølv. Rettleiaren på NAV-kontoret vil også vurdere om det er noko som kan gjere det lettare for deg å kome i ny jobb. Ta gjerne kontakt med NAV-kontoret ditt om kva som er mogleg.