Nytt om eigenmelding under koronapandemien:

Vi oppfordrar alle som er i pålagde karantene, til å snakke med arbeidsgivaren sin om det er mogleg å jobbe heimanfrå før dei ber om sjukmelding frå lege. 

Den utvida retten til å bruke eigenmelding tek slutt frå 1. juni, men arbeidsgivaren din kan framleis velje å godta eigenmelding i heile arbeidsgivarperioden, det vil seie dei første 16 dagane av sjukefråværet. Dersom du ikkje har ein slik avtale med arbeidsgivaren din, treng du sjukmelding frå legen frå den dagen du ikkje kan bruke vanleg eigenmelding.

Er du blitt testa og har fått påvist koronasmitte, får du sjukmelding hos lege. Du har også rett til å få sjukmelding dersom legen går ut frå at du er smitta, eller dersom du er pålagd å vere i karantene.

Er nokon av dei du bur saman med, sjuke, kontaktar du først arbeidsgivaren din for å spørje om du kan arbeide heimanfrå. Dersom heimearbeid ikkje er mogleg, spør du arbeidsgivaren din om du kan bruke eigenmelding. 

Dersom du må vere heime fordi andre i husstanden er sett i karantene utan å vere sjuke, kan du ha rett til å bruke omsorgsdagar dersom barnepassaren er sjuk.

Generelt om eigenmelding – utanom pandemien

Du kan berre bruke eigenmelding i arbeidsgivarperioden, det vil seie dei første 16 kalenderdagane av sjukefråværet. Du må ha arbeidd hos arbeidsgivaren i minst to månader for å få rett til å bruke eigenmelding.

Er du borte meir enn tre kalenderdagar, kan arbeidsgivaren din krevje sjukmelding. Har du brukt eigenmelding i forkant av sjukmelding, tel det som brukte eigenmeldingsdagar. 

Eigenmelding kan ikkje kombinerast med gradert sjukmelding.

Korleis bruker du eigenmelding?

Det er ikkje noko felles skjema for eigenmelding. Kvar enkelt arbeidsgivar utformar rutinar og eigenmeldingsskjema for sine tilsette, anten på papir eller digitalt. Høyr med arbeidsgivaren din om kva for rutinar som gjeld hos dykk.

Kor lenge kan eigenmeldinga vare? 

Etter reglane i folketrygdlova kan eigenmelding brukast for opptil tre kalenderdagar om gongen og opptil fire gonger i løpet av eitt år. 

Verksemder som tidlegare har hatt ein samarbeidsavtale om eit meir inkluderande arbeidsliv, var forplikta til å ha ei utvida eigenmeldingsordning, med rett til å bruke eigenmelding i opptil åtte kalenderdagar om gongen og opptil 24 kalenderdagar i løpet av ein 12-månaders periode. Det var ikkje avgrensing i kor mange gonger ein kan nytte retten til eigenmelding. 

IA-avtalen for perioden 2019-2022 oppfordrar verksemdene til å vidareføre den utvida eigenmeldingsordninga, og oppfordrar også verksemder som ikkje tidlegare har hatt utvida eigenmelding, til å vurdere denne ordninga. Reglane i folketrygdlova er ei minimumsordning, og alle verksemder kan bruke ein utvida rett til eigenmelding i inntil heile arbeidsgivarperioden.

Kva gjer du dersom du må gå over desse dagane?

Dersom du ikkje har fleire eigenmeldingsdagar, må du bruke sjukmelding. Alternativt kan du gå i dialog med arbeidsgivaren din om å bruke feriedagar eller permisjon (med eller utan lønn), eller du kan be om velferdspermisjon.

Dersom du må vere heime med sjuke barn

Eigenmelding gjeld dersom du må vere borte frå arbeid når du sjølv blir sjuk. Dersom du må vere borte frå arbeid fordi eit barn er sjukt, kan du ha rett på omsorgsdagar

Du kan miste retten til eigenmelding

Arbeidsgivaren kan bestemme at du ikkje får bruke eigenmelding dersom:  

  • du har brukt eigenmelding fire gonger i løpet av ein 12-månaders periode
  • arbeidsgivaren har rimeleg grunn til å tru at fråværet ditt ikkje kjem av sjukdom  

Arbeidsgivaren skal gi deg varsel når dei tek frå deg retten til å bruke eigenmelding, slik at du kan uttale deg. 

Har du mista retten til å bruke eigenmelding, skal arbeidsgivaren vurdere dette på nytt etter seks månader.

Kva seier lova?

I folketrygdlova kapittel 8, del II Arbeidstakere finn du reglane for eigenmelding.