Dersom gjennomsnittet av inntekta dei tre siste åra gir eit høgare grunnlag for å berekne ytinga, vil NAV bruke desse tala. Dette blir kalla for berekningsgrunnlaget.

AAP utgjer årleg 66 prosent av berekningsgrunnlaget. Berekningsgrunnlaget kan aldri vere større enn 6 gonger grunnbeløpet i folketrygda. Dagsatsen din finn du ved å dele det årlege beløpet på 260. Kva du faktisk får utbetalt er avhengig av kor mykje du blir trekt i skatt og kva du fører på meldekortet. Les meir om meldekort og redusert utbetaling på grunn av arbeid.

Omsorgstønad og fosterheimsgodtgjersle er pensjonsgivande inntekt. Viss du har fått dette før arbeidsevna vart redusert, skal det takast med i berekningsgrunnlaget.

Barnetillegg

Forsørgjar du barn under 18 år, får du eit barnetillegg på 27 kroner per barn fem dagar i veka. Dette gjeld både eigne barn, fosterbarn og adoptivbarn, så lenge det er du som forsørgjer dei. Du får også barnetillegg for barn som du har bidragsplikt for, sjølv om du ikkje betaler bidrag akkurat no.

Dersom begge foreldre har AAP, vil begge kunne få barnetillegg.

Får du fleire barn, må du melde skriftleg frå til NAV seinast tre månadar etter fødselen for å få barnetillegg frå fødselstidspunktet. Melder du frå etter at det har gått tre månadar, får du tidligast barnetillegg for det nye barnet frå den dagen du melder frå.

Minsteyting over 25 år

Har du ikkje hatt lønnsinntekt eller mottatt andre ytingar før arbeidseva di blei redusert med minst 50 prosent, vil du likevel kunne få AAP. Minsteytinga er på 2 gonger grunnbeløpet i folketrygda (G) per år.

Garantert minsteytelse under 25 år

Har du ikkje hatt lønnsinntekt før arbeidsevna di vart redusert med minst 50 prosent, vil du likevel kunna få AAP. Minsteytelsen er på 2/3 av 2 gonger grunnbeløpet i folketrygda (G) per år.

Viss du har hatt inntekt som gir eit høgare grunnlag enn garantert minsteytelse, får du berekna ytinga etter inntekta di. Frå og med den dagen du fyller 25 år blir ytinga oppjustert til 2 gonger grunnbeløpet i folketrygda.

Eigne reglar for yrkesskade og yrkessjukdom

Dersom arbeidsevna di er nedsett på grunn av yrkesskade eller yrkessjukdom, skal saken bli handsama etter eigne reglar:

  • Berekningen skal ta utgangspunkt i den inntekta du hadde på skadetidspunktet dersom dette gir det beste grunnlaget.
  • Kravet til forutgåande medlemskap i folketrygda gjeld ikkje.
  • Du kan få AAP dersom arbeidsevna di er redusert med meir enn 30 prosent.

Skaden eller sjukdommen må vere godkjend som yrkesskade eller yrkessjukdom av NAV.

Andre ytingar

Dersom du fyller vilkåra for både sjukepengar og AAP, har du rett til å velje den høgste ytinga.

Du kan miste retten til AAP, eller stønaden kan bli redusert dersom du har rett til andre stønadsordningar i eller utanfor NAV. Kontakt NAV på telefon dersom du har spørsmål.