For å få avventande sjukmelding må du oppfylle dei medisinske vilkåra for sjukmelding, og det må samtidig vere mogleg for deg å vere i aktivitet ut frå ei medisinsk vurdering.

Avventande sjukmelding er aktuell i arbeidsgivarperioden, det vil seie dei første 16 dagane.

Dersom tilrettelegging ikkje er mogleg og du blir heilt borte frå jobben, må legen erstatte den avventande sjukmeldinga med ei ordinær sjukmelding dersom arbeidsgivaren din krev det.

Den nye ordinære sjukmeldinga gjeld då frå den dagen den avventande sjukmeldinga blei skriven. Avventande sjukmelding er eit eige avkryssingspunkt i sjukmeldinga.