advarsel
Sjå informasjon om har du mottatt brev om AAP? 

Kven kan få AAP? 

For å ha rett til AAP må arbeidsevna di vere redusert med minst 50 prosent.

Hjelpa frå NAV kan bestå av arbeidsretta tiltak, ytingar under medisinsk behandling eller annan oppfølging.

Sjukdom eller skade må vere ein medverkande årsak til at du har redusert arbeidsevne. Det må vere ein moglegheit for at arbeidsevna di kan bli betre gjennom behandling, arbeidsretta tiltak eller oppfølging frå NAV.

Målet er at du skal klare å finne deg arbeid, eller halde arbeidet ditt i løpet av perioden med AAP. Det er ikkje et krav at du mottar sjukepengar eller andre ytingar frå NAV for å kunne søkje om AAP.

Dersom du tidlegare har motteke AAP 

Dersom du tidlegare har motteke AAP, kan du få AAP på nytt i inntil seks månader dersom du blir sjuk igjen utan å ha tent opp ny rett til sjukepengar. 

Dette gjeld hvis du kun har behov for arbeidsavklaringspengar i ein avgrensa periode før du kan begynne å jobbe igjen. Du må ha jobba heilt eller delvis i 26 veker for å få nye sjukepengerettar. 

Frå sjukepengar til AAP

Viss du får sjukepengar og sjukepengeåret er i ferd med å gå ut, må du sjølv søkje om AAP viss du framleis er sjuk. Du går ikkje automatisk over på AAP. Les meir om overgangen frå sjukepengar til arbeidsavklaringspengar.

Medlemskap i folketrygda

Du må som hovudregel ha vore medlem i folketrygda i minst tre år før du har rett til AAP. Det kan bli gjort unntak dersom du har vore medlem i folketrygda tidligare. Les meir om medlemskap i folketrygda.

Du må vere mellom 18 og 67 år for å få AAP. Viss du er mellom 62 og 67 år når du søkjer, må du som hovudregel ha hatt en pensjonsgivande inntekt som minst svarer til grunnbeløpet i folketrygda (G), året før du fekk redusert arbeidsevne. Det kan bli gjort unntak.

Aktivitetsplikt

For å få AAP må du bidra aktivt for å komme i arbeid. Dette blir kalla for aktivitetsplikt. Aktivitetsplikta inneber at

  • du er med på å utarbeide ein konkret plan for kva du skal gjere for å komme tilbake i arbeid
  • du deltek på avtalte møter med NAV
  • du leverer nødvendig informasjon og dokumentasjon som vi treng for å hjelpe deg
  • du gjennomfører dei aktivitetane som du og NAV-rettleiaren din har avtalt i planen din

Du må gi beskjed til NAV dersom noko hindrar deg i å gjennomføre planen som avtalt.

Dersom du ikkje gjennomfører avtalte aktivitetar kan vi redusere eller stanse arbeidsavklaringspengane dine. 

Fråvær på grunn av sjukdom eller ferie 

Viss du ikkje kan gjennomføre avtalt aktivitet på grunn av sjukdom, eller du skal ha ferie, kan dette ha betydning for utbetalinga av arbeidsavklaringspengane. Les meir om reglane for fråvær

Du kan også lese meir om fråvær ved ferie og utanlandsopphald under avsnittet "Sei frå til oss hvis situasjonen din endrar seg" nedst på sida. 

Du kan få trekk i utbetalinga

Viss du ikkje overheld aktivitetspliktene som er avtalt og det ikkje er rimeleg grunn til dette, kan vi redusere utbetalinga av arbeidsavklaringspengane dine. Dette inneber at du kan miste éin dags yting viss du 

  • ikkje kjem til møte som vi har innkalt til 
  • ikkje møter på ein bestemt avtalt dag på tiltak, utgreiing eller behandling 
  • ikkje sender inn dokumentasjon og/eller opplysningar som vi har bedt om innan fristen 

Aktivitetsplan

Du kan få arbeidsavklaringspengar (AAP) medan du gjennomfører følgjande aktivitetar for å komme i arbeid: 

  • medisinsk behandling
  • arbeidsretta tiltak
  • opptrapping av arbeidsinnsatsen din etter sjukdom (arbeidsutprøving)
  • oppfølging frå NAV etter at du har forsøkt behandling eller tiltak

Du kan også få AAP i venteperiodar

  • mens du og NAV lagar en aktivitetsplan
  • mens du venter på behandling eller eit arbeidsretta tiltak

Du kan også få AAP i enkelte andre periodar utan aktivitetsplan. Les meir om AAP i Arbeidsavklaringspengar (AAP) i overgangsperiodar.  

Din digitale aktivitetsplan

Du og NAV-rettleiaren din lagar ein aktivitetsplan saman. Aktivitetane skal bli skrive inn i ein digital aktivitetsplan på Ditt NAV.

Både du og rettleiaren din kan legge inn forslag til aktivitetar i planen din. Du kan også ha digital dialog med rettleiaren din om aktivitetane dine. Dialogen skal handle om den arbeidsretta oppfølginga frå NAV.

Har du spørsmål om utbetalingar og ytingar, får du ikkje svaret på det i aktivitetsplanen. Dette finn du på Ditt NAV. Dersom du ikkje svara der, kan du kontakte NAV på telefon 55 55 33 33.

Oppfølginga skjer i hovudsak i aktivitetsplanen, men NAV tar initiativ til eit møte om det skulle vere behov for det. Planen er lett å endre, så skulle helsa og funksjonsevna di endre seg, kan du enkelt tilpasse planen.

Dersom NAV foreslår aktivitetar i aktivitetsplanen som du skal gjere, må du gi rask tilbakemelding om at du har sett forslaget og er einig. Du kan også starte ein dialog eller svare på ei melding frå rettleiaren via aktivitetsplanen. Dersom du er ueinig i forslaget, må du straks seie frå ved å starte ein dialog. Les meir om aktivitetsplan

Gå til aktivitetsplanen din på Ditt NAV.

Kva kan du få?

AAP utgjer 66 prosent av inntekta di det siste året før du blei sjuk, eller gjennomsnittet av dei tre siste åra før du blei sjuk. Du vil få det som gir den beste utrekninga i din situasjon.  

Grunnlaget for kor mykje du får i AAP blir, blant anna, rekna ut på bakgrunn av den tidligare inntekta di, og om du har barn.

Årsinntekt over 6 gonger gjennomsnittet av grunnbeløpet i folketrygda (6G), tas ikkje med i utrekninga av AAP.

Les meir grunnbeløpet i folketrygda.

Du kan i tillegg til AAP frå folketrygda ha rett til uføreyting frå ei tenestepensjonsordning, som til dømes Statens pensjonskasse (SPK) eller Kommunal Landspensjonskasse (KLP)

Utrekning av AAP

For å finne ut kva dagsatsen din for AAP er, må du dele det årlege beløpet på 260. Kva du får utbetalt, avhenger av skattetrekket ditt, og kva du fører opp av arbeid eller fråvær på meldekortet ditt. Meldekortet sender du inn med oppdatert informasjon kvar 14. dag.

Les meir om utrekning av AAP.

Dersom du jobber inntil 60 prosent eller mindre, vil du få utbetalt reduserte arbeidsavklaringspengar.

Dersom du jobber meir enn 60 prosent i løpet av en meldekortperiode, vil du ikkje få AAP, inkludert barnetillegg, for den aktuelle meldekortperioden. Kvar meldeperiode er på 14 dagar.

Tal timar du jobber bestemmer kor mykje utbetalinga blir redusert. Kor mykje du tener har, med nokre unntak, inga betydning. 

Reduksjonen blir berekna ut fra ei arbeidstid på 37,5 timar per veke. Tal timar du har vore i lønna arbeid blir trekt frå.  

Dersom du er nær å komme tilbake i fullt arbeid, kan du etter avtale med NAV jobbe inntil 80 prosent før du mister  arbeidsavklaringspengane. Dette kan du gjere i eitt år. Du kan berre få éin periode med AAP under opptrapping i jobb sjølv om denne er kortare enn 12 måneder.

Kor lenge kan du få AAP?

Du kan, som hovudregel, ikkje få AAP i meir enn 3 år.

Kor lenge du får AAP avhenger likevel av kor lang tid du må vere i arbeidsretta aktivitet, eller gjennomføre medisinsk behandling, før du kan jobbe. Stønadsperioden vil difor variere frå person til person.

Stønadsperioden kan forlenga utover tre år, dersom du:

  • på grunn av sjukdom eller skade først kunne begynne i tiltak/behandling etter langvarig utgreiing
  • på grunn av sjukdom eller skade ikkje kunne kombinere behandling og tiltak

Du kan også få AAP i inntil to år for å fullføre eit innvilga opplæringstiltak

Stønadsperioden kan maksimalt forlengast for 2 år.

Viss du har motteke AAP ut maksimal periode, må du vente i 52 veker før du kan få ein ny periode med AAP. Dette gjeld likevel ikkje dersom du har ein alvorleg sjukdom eller skade. 

Korleis søkjer du?

Før du søkjer om arbeidsavklaringspengar (AAP) må du registrere deg på nav.no. Du kan også få hjelp til å registrere deg på NAV-kontoret ditt.

Søk om arbeidsavklaringspengar

Undervegs vil du få fleire dokument og vedtak frå NAV. Sjå oversikt over dei forskjellige vedtaka og dokumenta og kva du kan klage på.

Når må du søkje?

Du kan når som helst søkje om AAP dersom arbeidsevna di er blitt redusert med minst 50 prosent. Du kan tidligast få utbetalt AAP frå og med den dagen du søkjer.

Viss du blir sjuk på nytt igjen etter at du har fått AAP, kan du søkje igjen. Arbeidsevna di må vere redusert med minst 40 prosent. Du kan tidlegast ta opp att AAP frå den dagen du søkjer. 

Er årsaka til den nedsette arbeidsevna ein godkjent yrkesskade eller yrkessjukdom, er det tilstrekkeleg at arbeidsevna er nedsett med minst 30 prosent.

Dersom du har sjukepengar og framleis er sjuk ved slutten av sjukepengeåret, kan AAP vere ei aktuell yting. Du må sjølv søkje om AAP. Les meir om overgangen frå sjukepengar til AAP.

Utbetaling og meldekort

For å få utbetalt AAP må du sende meldekort kvar 14. dag. NAV brukar meldekortet til å følgje deg opp, og til å rekne ut utbetalinga. 

Les meir om korleis du fyller ut meldekort når du har AAP.

AAP blir rekna ut og utbetalt på bakgrunn av de opplysningane du gir på meldekortet.

Du må oppgi kor mykje du har arbeidd og kor lenge du har vore i aktivitet dei siste 14 dagane, og stadfeste at du vil vere registrert hos NAV i neste periode. Utbetalinga blir rekna ut frå dei opplysningane du oppgir på kortet. 

Er meldekortet riktig utfylt og sendt til rett tid, vil utbetalinga skje 2-3 dagar etter at meldekortet er registrert.

Det er viktig å sende inn meldekortet i tide. Viss du sender meldekortet for seint, vil du få trekk i neste utbetaling tilsvarande det talet på dagar meldekortet kom for seint.

Det blir trekt skatt av AAP som arbeidsinntekt, og AAP er pensjonsgivande inntekt. Sjå meir om utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk.

Barnetillegg

For å ha rett til barnetillegg må barnet vere bosett i Noreg/EØS-området eller Sveits.

Viss barnet ditt oppheld seg utanfor Noreg/EØS og Sveits i meir enn 90 dagar i ein tolvmånadersperiode, har du ikkje lenger rett til barnetillegg.

Du må melde frå til NAV viss barnet skal opphalde seg utanfor Noreg/EØS og

  • skal opphalde seg utanfor Noreg/EØS eller Sveits i meir enn 90 dagar 
  • ved utreise allereie har opphalde seg utanfor Noreg/EØS eller Sveits i 90 dagar i løpet av dei siste 12 månadane
  • i løpet av dette utanlandsopphaldet vil ha opphalde seg utanfor Noreg/EØS eller Sveits i 90 dagar i løpet av dei siste 12 månadane

Du må også melde frå til oss viss du mottek barnetillegg for barn som er bosett utanfor Noreg/EØS. Det samme gjeld dersom du mottek barnetillegg og barnet bosett seg utanfor Noreg/EØS.

Du mister retten til barnetillegg viss du ikkje oppfyller krava. 

Etablering av eiga verksemd

Du kan søkje om å få behalde AAP i ein avgrensa periode mens du etablerer eiga verksemd. Du kan få AAP i inntil 6 månadar mens du er i ein utviklingsfase og/eller 3 månadar mens du er i en oppstartingsfase. 

Det er eit krav at etableringa med sannsyn fører til at du kan forsørgje deg sjølv, eventuelt i kombinasjon med uføretrygd. Du kan berre søkje dersom du har tenkt  å starte ei ny verksemd. 

Ta kontakt med NAV for meir informasjon om korleis du går fram. Du søkjer på eige søknadsskjema, sjå under Skjema.  

Tilleggsstønader

Gjennomfører du, eller blir utgreia med tanke på arbeidsretta tiltak, kan du også søkje om tilleggsstønader til dekking av

  • læremidlar
  • daglege reiseutgifter
  • reiser til obligatoriske samlingar
  • utgifter til heimreiser
  • flytteutgifter
  • barnetilsyn
  • ekstrautgifter til bustad

Les meir om tilleggsstønader og korleis du søkjer.

Reisetilskot

Dersom du i ein avgrensa periode ikkje kan reise til og frå arbeids- eller undervisningsstad på grunn av sjukdom eller skade, kan du får dekt ekstrautgifter til reise i staden for AAP. Du må søkje om dette og dokumentere det med legeerklæring som viser at du ikkje kan reise på vanlig måte på grunn av sjukdom eller skade, og at du elles ville vore sjukmeld.

Reisetilskotet skal dekke nødvendige ekstrautgifter utover dei vanlege utgiftene du har til reise til og frå arbeids- og undervisningsstaden din.  

Sei frå til oss viss situasjonen din endrar seg

Viss du ikkje lenger oppfyller vilkåra for AAP, mister du retten til ytinga, og vedtaket ditt vil bli stansa. Les om bortfall av AAP ved avbrot, institusjonsopphald eller anna.

Viss det skjer endringar i inntekta di, familiesituasjonen og/eller jobbsituasjonen, eller du planlegg opphald i utlandet, kan det ha innverknad for beløpet du får utbetalt frå oss.

Viss du er statsborgar i Noreg og planlegg opphald i andre EU/EØS-land, treng du ikkje å melda frå om dette dersom opphaldet ikkje medfører endringar i aktivitetane du har avtalt med NAV.

Meld frå til oss så snart du kan viss du

  • får deg jobb, heiltid eller deltid
  • får utbetalinger frå arbeidsgivaren din
  • blir frisk, heilt eller delvis
  • avbryt tiltak eller behandling
  • skal ta ferie eller permisjon. Les meir om feriefråvær/utanlandsopphald og gå til søknadsskjema.
  • skal flytte til utlandet. Les meir om flytting til utlandet.
  • sit i varetekt, soner straff eller er under forvaring
  • endrar adresse eller kontonummer, du kan sjølv endre midlertidig postadresse og kontonummer
  • blir innlagd på sjukehus eller institusjon
  • skal reise eller flytte til utlandet
  • får pensjon frå ein annan pensjonsordning
  • får ansvar for fleire eller færre barn
  • får barnetillegg og barnet får eiga inntekt
  • har andre opplysningar som kan bety noko for retten til ytingar

Har du fått for lite eller for mykje pengar frå NAV? 

Viss du har fått pengar du ikkje har krav på, skal du melde frå om dette. Viss du får feil beløp utbetalt fordi du har gitt ufullstendige eller uriktige opplysningar, vil vi kunne krevje pengane tilbake. Tilbakebetaling kan skje ved trekk i trygdeytingar eller i lønn. I noen tilfelle kan det også medføre straffansvar. Domstolane ser strengt på trygdesvindel og reagerer i mange tilfelle med betinga eller ubetinga fengsel. 

Ytingar som er utbetalte på grunn av feil frå oss kan også krevjast tilbake, viss du forsto eller burde har forstått at utbetalinga var feil.  

Du har plikt til å halde oss orientert om situasjonen din, både ved å sende inn meldekort og ved å melde frå når det skjer endringar. På den måten blir saka di riktig behandla, og riktig beløp blir utbetalt.