Behov for rettleiing og hjelp

NAV vurderer behovet ditt for rettleiing og hjelp etter at du har registrert deg som arbeidssøkjar. Du vil få vurderinga i eit vedtaksbrev frå NAV-kontoret ditt. Vurderinga baserer seg på registreringa di og annan informasjon som du eventuelt har gitt oss.

Dersom situasjonen din endrar seg, kan du gi beskjed til rettleiaren din. Slik kan du få den rettleiinga du har behov for.

Vurderinga og vedtaksbrevet frå NAV gjeld berre behovet du har for oppfølging. Det har ikkje noko med behovet for pengestøtte frå NAV å gjere. Dersom du har søkt om pengestøtte, får du eit eige vedtaksbrev om det.

Kva rettleiing og hjelp kan du få?

Rettleiing og oppfølging frå NAV baserer seg på kor stort behov du har for hjelp. Rettleiaren din følgjer deg opp i aktivitetsplanen, i ei skriftleg dialogteneste eller i eit møte på telefon, på video eller på NAV-kontoret.

Målet er å hjelpe deg til å kome i ny jobb, halde på jobben du har, eller finne rett aktivitet for deg. Så snart du har registrert deg som arbeidssøkjar, kan du begynne å planleggje aktivitetsplanen. Du kan leggje inn mål og aktivitetar som passar for deg og situasjonen din.

Når vi følgjer deg opp, er det viktig for NAV-rettleiaren å kjenne til arbeidserfaringa di, kompetansen din og eventuelle utfordringar du har med å kome i jobb. Registrer derfor CV og jobbprofil på NAV-tenesta arbeidsplassen.no.

Rettleiaren din på NAV-kontoret fokuserer på arbeid og oppfølging. Har du spørsmål om pengestøtte, vil kontaktsenteret hjelpe deg.