Dersom du svarer ja på spørsmåla under – då har du kanskje lese- og skrivevanskar.

  • Har du vanskar med å lese og skrive på skulen, på jobben eller i fritida?
  • Synest du det er vanskeleg å fylle ut skjema og blankettar?
  • Synest du det er vanskeleg å skrive beskjedar?
  • Har lese- og skriveferdigheitene påverka ditt val av utdanning og yrke?
  • Har du slutta i jobb eller utdanning på grunn av krava til lesing og skriving?

Kva kan NAV tilby deg?

  • Sjekkliste med rettleiing
  • Samtale med saksbehandlar kor vi saman finn ut om du har lese- og skrivevanskar
  • Hjelp til jobbsøking
  • Rettleiing i val av yrke og utdanning
  • Tilvising til andre etatar som kan gi bistand
  • Hjelpemiddel som òg kan bli nytta på arbeidsplassen