Kven kan delta?

Jobbklubb er eit kurs for deg som er registrert som arbeidssøkjar hos NAV. Det er ingen formelle opptakskrav.

Kva inneheld jobbklubb?

På jobbklubb får du rettleiing til å sjå eigen kompetanse og korleis du skal marknadsføre kompetansen din overfor arbeidsgivarar. Du får opplæring i å utforme CV og søknader til aktuelle jobbar og anna relevant opplæring som skal gjere det lettare for deg å kunne kome i arbeid. Du får informasjon om arbeidsmarknaden lokalt og nasjonalt. I tillegg får du intervjutrening og opplæring i korleis du kan bruke nettverket ditt for å skaffe deg jobb.

Kor lenge varer kurset?

Jobbklubb varer som regel nokre veker. Det kan variere mellom dei ulike kursa kor lenge dei varer.

Nyttig å vite

Dersom du får økonomisk støtte frå NAV, vil du kunne behalde stønaden medan du deltek på jobbklubb. Dersom du ikkje får ein stønad frå NAV, kan du søkje om tiltakspengar. Tiltakspengane blir betalte ut per dag du er med på jobbklubb. Du kan også søkje om pengar til reise til og frå tiltaket.

Korleis søkjer du?

Har du bruk for målretta støtte i samband med jobbsøk, vil du og NAV-rettleiaren i fellesskap vurdere om jobbklubb er noko for deg. NAV-rettleiaren kan søkje deg inn på tiltaket. Dersom du trur jobbklubb kan vere nyttig for deg, registrer deg som arbeidssøkjar og ta kontakt med NAV-kontoret ditt.