Når du er registrert som arbeidssøkjar hjå oss, får du tilgang til ein aktivitetsplan. Dette er verktøyet du skal bruke for å kome i aktivitet og jobb. For at NAV skal kunne følgje deg opp best mogleg, er det viktig at du brukar aktivitetsplanen aktivt.

I aktivitetsplanen kan du sjølv legge inn og redigere målet ditt, aktivitetar du skal gjere og stillingar du vil søkje på. Du får òg tilgang til ein dialog der du kan kommunisere med rettleiaren din og diskutere aktivitetar du skal gjennomføre.

Gå til aktivitetsplanen   

Gå til dialogtenesten   

Rettar og personvern

Du har rett til å få ein aktivitetsplan når du har registrert deg hos NAV. Innhaldet i aktivitetsplanen, og annan informasjon som du gir til rettleiaren din, bruker NAV til å vurdere behovet ditt for oppfølging.

Manuell oppfølging

NAV hentar informasjon om deg frå Folkeregisteret og sjekkar mot Kontakt- og reservasjonsregisteret for å sjå om du har reservert deg mot digital kommunikasjon med det offentlege. Dersom du har registrert deg, eller ikkje er i stand til å bruke aktivitetsplanen, vil NAV følgje deg opp manuelt. Det vil seie at ein rettleiar følgjer deg opp utan at du sjølv bruker den digitale aktivitetsplanen. Du får aktivtetsplanen skriven ut på papir.

Deling og lagring

Opplysningane i aktivitetsplanen blir ikkje delte med andre offentlege etatar, med mindre dei har rett til å hente slike opplysningar. Opplysningane i aktivitetsplanen din blir lagra og tekne vare på etter arkivlova. Aktivitetar og meldingar i dialogen kan ikkje slettast når dei først er oppretta. 

Les meir om korleis NAV behandlar personopplysningar.