Tilleggsstønader kjem i tillegg til eventuelle livsopphaldsytingar du får. Dette kan vere arbeidsavklaringspengar, tiltakspengar, dagpengar, kvalifiseringsstønad (gjeld deltakarar på Kvalifiseringsprogrammet), overgangsstønad til einsleg mor eller far, stønad til attlevande ektefelle eller tidlegare familiepleiarar.

Kven kan få tilleggsstønader?

Dersom du er i ein arbeidsretta aktivitet for å kome arbeid i eller for å behalde arbeidet ditt, eller du er under arbeidsretta utgreiing, kan du ha rett til tilleggsstønader. Det gjeld også dersom du er registrert hos NAV som reell arbeidssøkjar. For å ha rett til stønader må du også oppfylle vilkåra ved minst eitt av punkta under:

  • Du har nedsett arbeidsevne på grunn av sjukdom og gjennomfører eit arbeidsretta tiltak.
  • Du er einsleg mor eller far og gjennomfører ei godkjend utdanning, eller du er registrert hos NAV som reell arbeidssøkjar og oppfyller vilkåra for overgangsstønad.
  • Du er tidlegare familiepleiar og gjennomfører ei godkjend utdanning.
  • Du er attlevande ektefelle og gjennomfører ei godkjend utdanning eller er registrert hos NAV som reell arbeidssøkjar som yrkesretta aktivitet.
  • Du er tiltaksdeltakar som tek del på arbeidsmarknadstiltak.
  • Du er arbeidssøkjar og er utan å vere skuld i det sjølv, utan arbeid på heimstaden din. Du kan derfor få stønad til reise og flytting.

Kva kan du få?

Tilleggsstønader kan dekkje dokumenterte utgifter til:

  • reiseutgifter
  • pass av barn
  • læremiddel
  • bustad og overnatting
  • flytting

Reiseutgifter 

Dersom du tek del på arbeidsretta tiltak, arbeidsretta utgreiing eller utdanning som er godkjend av NAV, kan du få dekt stønad til:

  • dagleg reise
  • reise til obligatorisk samling
  • reise i samband med oppstart og avslutning av aktiviteten, og heimreiser

Reiseavstanden ved dagleg reise må vere 6 kilometer eller meir kvar veg mellom heimen din og tiltaket/utdanningsstaden for at du skal kunne få stønad til å dekkje reiseutgifter. Vi legg kortaste gangavstanden til grunn når vi bereknar reiseavstanden. NAV kan gjere unntak på bakgrunn av helsa di. Du må sende dokumentasjon dersom du meiner at du har behov for unntak frå grensa på 6 kilometer lang reiseveg.

Reiseveien når du tek del på obligatorisk samling, må vere minst 30 kilometer éin veg mellom heimen og aktivitetsstaden din for at du skal kunne få stønad til å dekkje reiseutgifter.

Du får dekt den billigaste reisemåten. NAV kan godkjenne bruk av eigen bil dersom  offentlig transport ikkje er tilgjengeleg, eller det ikkje er praktisk mogleg for deg å nytte offentleg transport. Du kan då også få dekt nødvendige utgifter til bomavgift, parkering mm. I særlege tilfeller kan du få dekt utgifter til drosje.

Dei som får innvilga stønad til dagleg reise når dei brukar eigen bil, må dokumentere utgiftene ved å sende inn ei digital køyreliste på nav.no. Det vil seie at du kan sende opplysningane til NAV elektronisk ved å logge deg inn på Ditt NAV. Den digitale køyrelista gjer behandlinga  meir effektiv og sikrar at utgiftene blir refuserte effektivt når du bruker eigen bil.

Reiseutgifter for å kome i arbeid utanfor heimstaden

Dersom du utan å ha skuld i det sjølv, er arbeidslaus og ikkje får arbeid på heimstaden din, kan du ha rett til stønad i samband med:

  • oppfølging for å kome i arbeid,
  • jobbintervju på annan stad enn der du bur
  • at du tek til i arbeid på ein ny arbeidsstad.

Du må søkje om å få stønad til å dekkje reisa eller flyttinga før du reiser. Vi betaler ut stønaden når NAV får kvitteringar som dokumenterer utgiftene.

Reiseavstanden må vere 50 kilometer eller meir éin veg for at du skal kunne få stønad til å dekkje reiseutgiftene. Når NAV vurderer om du er arbeidslaus utan å ha skuld i det sjølv, legg vi ikkje vekt på tilhøve som ligg meir enn 8 veker tilbake i tid.

Du får dekt billegaste reisemåten. NAV kan godkjenne bruk av eigen bil dersom offentleg transport ikkje er tilgjengeleg eller det ikkje er praktisk mogleg for deg å bruke offentleg transport. Du kan då også få dekt nødvendige utgifter til bomavgift, parkering mm. I særlege tilfelle kan du få dekt utgifter til drosje. 

Du kan få dekt utgifter til reise dersom du er villig til å starte i arbeid på ein annan stad i Noreg, i Norden eller andre EU/EØS-land. Kontakt NAV på telefon 55 55 33 33 dersom du har spørsmål.

Tilsyn av barn

Dersom du har nedsett arbeidsevne på grunn av sjukdom, er einsleg mor eller far, tidlegare familiepleiar eller attlevande ektefelle og tek del på arbeidsretta tiltak, arbeidsretta utgreiing eller godkjend utdanning, kan du få stønad til pass av barn. Dersom du er einsleg mor eller far eller attlevande ektefelle, kan du ha rett til å få dekt utgifter til tilsyn dersom du gjennomfører godkjend utdanning eller er registrert hos NAV som reell arbeidssøkjar. Dersom både du og den andre forelderen til barnet tek del på ein arbeidsretta aktivitet, får berre éin av dykk stønad til pass av barn. Vi betaler ut stønad til pass av barn og til pleie og tilsyn av andre familiemedlemmer berekna til 64 prosent av dokumenterte utgifter til barnetilsyn per månad, avgrensa oppover til ein maksimal sats fastsett av Stortinget. Stønaden blir rekna om til ein dagsats og blir utbetalt for talet på dagar i aktivitet. Dersom du får stønad til pass av fleire barn, får du høgare sats for eitt av barna enn for dei andre.  Har du fått innvilga kontantstøtte, skal månadsbeløpet som er innvilga i kontantstøtte for barnet ditt, trekkjast frå dei dokumenterte månadlege utgiftene til tilsyn med barn. Kontantstøttesummen blir trekt frå utgiftene du har til tilsyn både med barn som du får utbetalt kontantstøtte for, og for andre barn som du har omsorga for. Dette gjeld sjølv om kontantstøtta blir betalt ut til ein annan person som du og barnet bur saman med.

Sjå oversikt over satsane for tilleggsstønader.

Læremiddel

Dersom du har nedsett arbeidsevne på grunn av sjukdom eller er einsleg mor eller far, tidlegare familiepleiar eller attlevande ektefelle og tek del på eit arbeidsretta tiltak i skule, kurs, bedrift eller godkjend utdanning, og du ikkje har rett til gratis læremiddel etter anna regelverk, kan du få dekt nødvendige utgifter til læremiddel. 

Kva du kan få i stønad til læremiddel, er avhengig av utdanningsnivået ditt, og av om du studerer på heiltid eller deltid.

Er du elev med ungdomsrett i vidaregåande skule, får du mest sannsynleg gratis læremiddel og utstyrsstipend gjennom fylkeskommunen. Du får derfor ikkje dekt læremiddel som tilleggsstønad gjennom NAV.

Er du elev i vidaregåande skule med vaksenrett, læring eller lærarkandidat, har du ikkje same rettane til læremiddel frå fylkeskommunen, og du kan få dekt utgifter til læremiddel med tilleggsstønad gjennom NAV.

Du er sjølv ansvarleg for å disponere beløpet, som skal dekkje utgifter til lærebøker, kladdebøker, kopiering, internett, programvare til datamaskin og anna undervisningsmateriell. Beløpet skal også dekkje arbeidsmateriell når du gjennomfører praktisk opplæring eller fagprøve, som blomstrar, metall, verktøy, verneutstyr, arbeidsklede og liknande.

Dersom du på grunn av ei funksjonshemming har særleg store utgifter til bøker og undervisningsmateriell samanlikna med andre elevar, kan du få dekt dei faktiske utgiftene du har til læremiddel.

Skulepengar, semesteravgift og eksamensgebyr blir ikkje dekte av stønad til læremiddel.

Bustad eller overnatting

Dersom du har nedsett arbeidsevne på grunn av sjukdom eller er einsleg mor eller far, tidlegare familiepleiar eller attlevande ektefelle og tek del på arbeidsretta tiltak, ei arbeidsretta utgreiing eller tek utdanning som er godkjend av NAV, kan du få dekt nødvendige meirutgifter til bustad eller overnatting. Du kan få dekt utgifter til bustad eller overnatting som kjem i tillegg til utgiftene du måtte ha til bustad på heimstaden, eller utgifter du har fordi buutgiftene dine på tiltaksstaden er høgare enn utgiftene som du tidlegare hadde på heimstaden din. Dersom du har rett til bustøtte gjennom bustøttelova, har du ikkje rett til stønad til dei same buutgiftene gjennom NAV. Dersom du på grunn av ei funksjonshemming har høgare ekstrautgifter til bustad samanlikna med andre i same situasjonen som deg, kan du få dekt dei faktiske utgiftene dine. Du må dokumentere utgifter til bustad og overnatting med til dømes husleigekontrakt, oversikt over renteutgifter på lån til bustaden, straum eller utgifter til hotell, motell eller hytte. 

Flytting

Dersom du har nedsett arbeidsevne på grunn av sjukdom eller er einsleg mor eller far, tidlegare familiepleiar eller attlevande ektefelle og må flytte frå heimstaden din for å ta del på eit arbeidsretta tiltak eller ei godkjend utdanning, kan du få dekt utgifter til flytting. Du kan også få dekt utgifter til flytting dersom du er arbeidsledig og må flytte frå heimstaden din for å ta imot tilbod om arbeid ein annan stad. Du må søkje om å få dekt utgiftene før du flyttar. Du kan velje mellom å bruke eit flyttebyrå eller å flytte sjølv. Dersom du bruker eit flyttebyrå, må du hente inn to skriftlege tilbod. Du kan få dekt det lågaste tilbodet. Dersom du sjølv hentar inn tilbod frå flyttebyrå og likevel vel å flytte sjølv, kan du få dekt dei nødvendige flytteutgiftene opptil beløpet i det lågaste tilbodet.

Du kan få dekt utgifter til reise dersom du er villig til å starte i arbeid på ein annan stad i Noreg, i Norden eller andre EU/EØS-land. Kontakt NAV på telefon 55 55 33 33 dersom du har spørsmål.

Korleis søkjer du om tilleggsstønader?

Du må søkje om tilleggsstønader på nett ved å bruke digital søknad på nav.no.

Viss du er i arbeidsretta aktivitet eller godkjend utdanning, kan du søkje om tilleggsstønad. Vanlegvis får du stønaden frå og med den dagen du har søkt.

I nokre tilfelle kan vi vurdere å gje deg tilleggsstønad inntil 3 månadar tilbake i tid. Du må søkje før vi kan vurdere om du har krav på dette.

Søk om tilleggsstønader

Stans av stønaden

Du må vere i arbeidsretta aktivitet eller godkjend utdanning for å ha rett til tilleggsstønader. Dersom du ikkje gjennomfører aktiviteten din, mistar du stønaden din.

Meld frå om endringar

Dersom du avbryt aktiviteten eller utdanninga, eller får endringar i familiesituasjonen eller planlegg eit opphald i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV.

Utbetalingar

Det er ingen fast utbetalingsdato for tilleggsstønader. Sjå utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk.

Du kan også sjekke utbetalingar i tjenesten Dine utbetalingar.