Koronasituasjonen: Sjå kva du skal føre på meldekortet.

Slik sender du meldekortet

Send meldekort

For å sende meldekort må du vere registrert som arbeidssøkar hjå NAV.

Vent på kvittering om at NAV har mottatt meldekortet før du lukkar nettlesaren. 

Her finn du mer informasjon om korleis du fyller ut meldekortet:

Når kan du sende inn meldekort?

Når du loggar deg inn på Ditt NAV kan du sjå når du skal sende inn neste meldekort.

Eit meldekort gjeld for ein periode på 14 dagar (meldeperiode), og du skal sende det inn etter at perioden er over. Du kan tidligast sende meldekort siste laurdagen i perioden meldekortet gjeld for. Planlegg du å jobbe i helga, bør du vente med å sende meldekortet til mandag. 

Kva om du sender meldekortet for seint?

Sender du meldekort seinare enn måndagen éi veke etter at du kunne send det, er meldekortet send inn for seint.

Sender du meldekortet for seint, får du trekk på neste utbetaling for dagane frå måndag etter meldeperioden til dagen du sende meldekortet. Sender du meldekort éin dag etter siste frist, får du difor trekk for 8 kalenderdagar.

Døme: Dersom meldeperioden er måndag 16. mars - søndag 29. mars (14 dagar), gjeld følgande:

Måndag 30. mars: Jobbet du i helgen bør du sende meldekortet denne dagen Måndag 6. april: Siste dag du kan sende meldekortet innen fristen Tirsdag 7. april: Sender du denne dagen får du ikkje utbetaling for dagane frå 30. mars til 6. april.  Har det gått meir enn 20 dagar sidan sist gong du sende eit meldekort kan du bli tatt ut av registeret som arbeidssøkar hjå NAV. I slike tilfelle stoppar NAV dagpengane, eller annan økonomisk støtte kor det er eit krav om at du er registrert som arbeidssøkar.

Når får du utbetaling

Dersom du ventar på behandling av søknaden, vil pengane bli utbetalt etter at du har fått behandla saka di. I samband med koronaviruset har du moglegheit til å søkje om forskudd

Har du fått innvilga dagpengar, arbeidsavklaringspengar eller tiltakspengar, blir pengane utbetalte ca. 2-3 virkedagar etter at du har sendt inn meldekortet for meldeperioden.  

NAV bereknar kor mykje du har rett til i dagpengar, arbeidsavklaringspengar eller tiltakspengar rundt kl. 21 same dag som du sender meldekortet. 

Du kan sjekka utbetalingar i tenesta Dine utbetalingar

Kvifor skal du sende meldekort?

For at NAV skal kunne berekne kor mykje du skal få i dagpengar, arbeidsavklaringspengar (AAP) eller tiltakspengar, treng vi opplysningar om blant anna arbeid, aktivitet eller fråvær.

Opplysningane blir også bruka til å vurdere om du får riktig oppfølging frå NAV, og om aktiviteten du har avtalt med oss bør bli justert fordi situasjonen din har endra seg.

Når du sende meldekort gir du også beskjed om at du fortsatt vil vere registrert som arbeidssøkar hjå NAV.

Har du fylt inn feil på meldekortet?

Før du sender kortet, får du ein oversikt over det du har fylt inn. Sjekk at opplysningane er riktige. 

Ser du i etterkant at du har fylt inn feil på meldekortet, må du rette meldekortet. Du kan korrigere meldekortet ved å logge deg inn på Ditt NAV og klikke på meldekortet du ønskjer å korrigere, frå oversikten over tidligare meldekort du har send. Har du ikkje mogleghet til å korrigere meldekortet elektronisk, må du kontakte NAV.