Kven kan få tiltakspengar?

Arbeidsretta tiltak er eit høve for å hjelpe deg som arbeidssøkjar, ut i jobb. NAV kan gi tiltakspengar til tiltaksdeltakarar som har fylt 18 år. 

Dersom du tek del på tiltak gjennom Kvalifiseringsprogrammet, kan du søkje om å få dekt reiseutgifter som er knytte til tiltaket.

Tek du del i et tiltak der du får løn som vanleg arbeidstakar, har du ikkje rett til barnetillegg eller tilleggsstønader.

Dersom du får arbeidsavklaringspengar og tek del på tiltak, kan du lese meir i informasjon om tilleggsstønader.

Kva kan du få?

Tiltakspengar (og barnetillegg) skal dekkje utgiftene dine til livsopphald (inklusive husleige på heimstaden din) og blir gitt for dei dagane du tek del på tiltaket. Kor mykje tiltakspengar du får, er avhengig av alderen din når du søkjer. Du får høg sats dersom du er over 19 år, og låg sats dersom du er under 19 år. Sjå oversikt over satsar.

Tiltakspengar er ein skattefri stønad, og gir ikkje pensjonsopptening.

Du kan få barnetillegg for barn under 16 år som du forsørgjer. Dersom barnet ikkje er registrert i folkeregisteret, må du dokumentere forsørgjaransvaret med fødselsattest eller bustadattest for barnet. Dette gjeld også for nyfødde barn. Du kan bestille bustadattest hos skatteetaten.

Du kan få stønad til dagleg reise du har i samband med tiltaket.

Korleis søkjer du?

Du søker enklast om tiltakspengar ved å sende inn digital søknad på nav.no

Søk om tiltakspengar

Du kan også søkje om tiltakspengar på papirblankett. Det kan ta noko lengre tid å behandle søknader på papir. 

Dette kan du gjere sjølv

Tap av tiltaksplass

Du mistar tiltaksplassen dersom du

  • ikkje møter på tiltaket første dag utan å ha gitt beskjed om fråværet
  • har begynt på eit tiltak og har så mykje fråvær at det ikkje lenger blir sett på som formålstenleg at du fullfører tiltaket

Du mistar då også retten til stønader.

Sjå også informasjon om:

Meld frå om endringar

Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller planlegg opphald i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV.

Utbetalingar

Du får utbetaling for dei dagane du tek del på tiltak, og også for heilagdagar i tilknyting til jul, nyår, påske, pinse, 1. mai og 17. mai og Kristi himmelfartsdag når desse fell på dagar som normalt ville ha vore tiltaksdagar.

Stønader som blir berekna ut frå opplysningane på meldekortet ditt, blir betalte ut to–fire dagar etter at meldekortet ditt er registrert hos NAV. Les meir om utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk.

Du kan sjekke utbetalingsdatoar i tenesta Dine utbetalingar.