Som hovudregel må du vere villig og i stand til å ta eitkvart arbeid kor som helst i Noreg.

Dette inneber at du

  • må vere arbeidsfør. Dersom du ikkje er arbeidsfør har du heller ikkje rett til dagpengar, men du kan ha rett til arbeidsavklaringspengar eller sjukepengar.
  • ikkje kan stille krav til lønn. Dersom du ikkje er villig til å ta arbeid som er lønna etter tariff eller hevd har du ikkje rett til dagpengar.
  • vere villig til å ta arbeid i heile Noreg.
  • vere villig til å jobbe både heiltid og deltid. Dersom du berre jobbar deltid, eller er delvis permittert, må du vere villig til å slutte i det eksisterande arbeidsforholdet ditt til fordel for eit arbeidsforhold som gir deg meir arbeid.
  • berre kan reservere deg mot å ta arbeid i heile Noreg eller jobbe heiltid/kveld/natt/helg dersom du er meir enn 60 år gamal, eller det er tungtvegande sosiale omsyn knytte til helse, omsorgsansvar for små barn under eit år, eineansvar for barn til og med sjuande klasse eller pleietrengande i nær familie.

Vidare må du

  • vere aktiv jobbsøkjar. Det inneber at du må leite etter jobbar sjølv, sende søknader og møte til intervju. NAV kan krevje at du dokumenterer avtalt jobbsøkingsaktivitet, og vi kan påleggje deg å føre aktivitetsplan.
  • vere tilgjengeleg for NAV, og kunne begynne i arbeid eller på tiltak på kort varsel.
  • halde CV-en din oppdatert på nav.no.
  • ha ei fast opphaldsadresse som NAV kan kontakte deg på.
  • kunne skaffe tilsyn til barn på kort varsel dersom du har små barn.

Du som søkjer frå og med 1. juli 2019 og deltar i arbeidsmarknadstiltaket "varig lønnstilskudd" og blir permittert frå stillinga di, kan bli unntatt frå kravet om å vere arbeidsfør og kan difor ha rett til dagpengar.