Har du fått innvilga dagpengar frå før 1. juli 2019 må du hatt arbeidsinntekt frå eitt eller fleire lønna arbeidsforhold på minst 1,5 G (grunnløpet i folketrygda) i året som gjekk, eller minst 3 G i løpet av dei tre siste avslutta kalenderåra for å ha rett til dagpengar.

Søkjer du dagpengar frå 1. juli 2019 eller seinare må du hatt arbeidsinntekt frå eitt eller fleire lønna arbeidsforhold på minst 1,5 G (grunnløpet i folketrygda) dei 12 siste avslutta kalendermånadane eller minst 3 G i løpet av dei 36 avslutta kalendermånadane for å ha rett til dagpenger.

Med inntekt frå lønna arbeidsforhold meiner ein utbetalt lønn der du har utført arbeid etter ei arbeidsavtale hos ein arbeidsgivar. Folketrygdytingane foreldrepengar, svangerskapspengar og svangerskapsrelaterte sjukepengar er likestilte med arbeidsinntekt og blir rekna med i minsteinntekta. Andre ytingar frå NAV, lønn i enkelte arbeidsmarknadstiltak, avkasting av formue (aksjeinntekter, leigeinntekter og liknande) og inntekt frå eiga næringsverksemd gir ikke rett til dagpengar.

Ei og same inntekt gir berre rett til dagpengar i ein enkelt stønadsperiode på nten 52 eller 104 veker. Det betyr at dersom du får ein jobb, og blir arbeidsledig igjen etter at stønadsperioden er gått ut, må du ha opparbeidd deg ei ny minsteinntekt på 1,5 G for å kunne søkje dagpengar på nytt.

Merk at det er eigne regler om minsteinntekt for nydimitterte.