Avbrot i stønadsperioden

Har du hatt avbrot i stønadsperioden på inntil 52 veker og ønskjer dagpengar på nytt, treng du som hovudregel ikkje sende ny fullstendig søknad. Du skal i staden søkje om gjenopptak av dagpengar.

Dette kan også gjelde ved avbrot på over 52 veker på grunn av:

  • deltaking i arbeidsmarknadstiltak
  • avtening av verneplikt
  • sjukdom på grunn av graviditet

I desse tilfella må du uansett kontakte NAV.

Korleis søkjer du om gjenopptak?

Du kan søkje om gjenopptak ved å sende ein vanleg søknad om dagpengar.

Du kan ikkje få innvilga dagpengar tilbake i tid. Det er difor viktig at du sender søknad om dagpengar seinast første dag du er arbeidsledig, for å ikkje tape dagar med dagpengar.

Vedlegg når du søkjer gjenopptak

Dersom årsaka til avbrotet er arbeid, må du legge ved:

  • kopi av alle arbeidsavtaler du har fått sidan sist du søkte dagpengar
  • oppseiingsbrev med opplysningar om sluttårsak og dato oppseiinga blei levert. Har du ikkje fått eller gitt oppseiing, kan du i staden levere skjemaet «stadfesting på sluttårsak/nedsatt arbedistid» utfylt av arbeidsgjevaren din.

Sjølv om du ikkje har mista jobben, men berre har redusert talet på arbeidstimar, til dømes dersom du er tilkallingsvikar, må du dokumentere årsaka til at du har mindre arbeid no, og frå kva dato dette gjeld.

Dersom årsaka til avbruddet er utdanning, må du legge ved 

  • dokumentasjon på at utdanninga er fullført, og kva dato du gjennomførte siste eksamen.

Dersom årsaka til avbrotet er at NAV stoppa dagpengane dine som følgje av at du ikkje oppfylte vilkåra om å vere reell arbeidssøkar, må du legge ved dokumentasjon som viser at du no fyller desse vilkåra. Dersom dagpengane dine til dømes er stoppa fordi du ikkje kunne ta arbeid eller delta i tiltak på grunn av manglande barnepass, må du dokumentere at du no har barnepass.

Ny berekning av dagpengegrunnlaget

Når du søkjer gjenopptak av dagpengar, vil du som hovudregel få utbetalt like mykje i dagpengar som tidlegare. Har du jobba i minst 12 veker, kan du be NAV rekna ut hvor mykje du skal få i dagpengar på nytt. For at NAV skal fastsette dagpengegrunnlaget ditt på nytt, må dette bli høgare. Du kan då òg be NAV om å rekne ut den vanlege arbeidstida di på nytt. Dette gjer du når du sender søknaden. Føresetnaden for at NAV kan regne ut den vanlege arbeidstida di på nytt, er at dagpengegrunnlaget ditt blir høgre.

Ber du om ein ny berekning, vel NAV den berekninga som lønner seg for deg.

Dersom du ønskjer å få rekna ut di vanlege arbeidstid på ny, må du legge ved dokumentasjon på alle timar du har hatt dei siste 12 månadane. Du treng ikkje å levere dokumentasjon du allereie har levert tidlegare om igjen. Du bør då skrive i søknaden din kva du har levert tidligare.

Unntak frå hovudregelen om gjenopptak

  • Dersom du er permittert og avbrotet er skuld i at du er tilbake i arbeid hjå arbeidsgivaren din i meir enn seks veker i permitteringsperioden, må du søkje om dagpengar på nytt. Dette betyr tre nye ventedagar.
  • Dersom du har vore under utdanning som har vart i meir enn tolv veker, må du også søkje om dagpengar på nytt. Dette betyr tre nye ventedagar. Dette gjeld ikkje dersom du har fullført eller endelig avbrote utdanninga.
  • Hugs å legge ved dokumentasjon på fullført eller avbrote utdanning, dersom dette gjeld deg.