Alderspensjonistane fekk noko meir kjøpekraft i 2020

Frå 2019 til 2020 auka den gjennomsnittlege alderspensjonen med 3 700 kroner. Dersom ein tek omsyn til prisveksten, så fekk alderspensjonistane i snitt ein liten auke i kjøpekrafta. I denne perioden auka realverdien av ein gjennomsnittleg alderspensjon med om lag 0,3 prosent.  

I 2020 fekk ein gjennomsnittleg alderspensjonist 248 000 kroner i årleg alderspensjon frå folketrygda. Det er 1,5 prosent meir enn året før. I 2019 var den gjennomsnittlege alderspensjonen 244 300 kroner.  

– Prisane gjekk opp med 1,3 prosent i fjor. Det betyr at ein gjennomsnittleg alderspensjon auka litt meir enn prisane frå 2019 til 2020, seier avdelingsdirektør i NAV, Ole Christian Lien.  

For ein gjennomsnittleg alderspensjonist svarar endringa i realverdi til om lag 600 kroner i året før skatt.

Kan vente med uttak og få meir i årleg pensjon 

For personar som allereie har jobba og hatt opptening i mange år og snart vurderer alderspensjon, så er det enno mogleg å påverke nivået på utbetalinga. Den einskilde kan velje mellom å ta ut alderspensjonen tidlegare med eit lågare årleg beløp, eller å utsetje det nokre år og få meir utbetalt i året. Personar som var i arbeid før dei starta uttak av alderspensjon, hadde i 2020 ein gjennomsnittleg alder på om lag 64 år ved fyrste uttak av alderspensjon. Fleirtalet av desse fortset i arbeid også etter at dei tek ut alderspensjon.   

– For mange er det mogleg å få høgare årleg alderspensjon livet ut viss dei ventar med å ta ut pensjon  til dei sluttar i arbeid, seier Lien.  

Færre jobbar ved sidan av alderspensjonen 

55,7 prosent av alderspensjonistane mellom 62 og 66 år var registrerte med eit arbeidsforhold ved utgangen av tredje kvartal 2020.  Det er ein nedgang frå året før på 1,2 prosentpoeng. Same trend finn ein òg blant 67–69-åringane. Her er fallet i sysselsetjing på 0,6 prosentpoeng.  

– Nedgangen i sysselsetjinga blant alderspensjonistane skuldast i stor grad koronasituasjonen, seier Lien. Han peiker på at det blant 62–66-åringane var ein auke på 1,4 prosentpoeng i sysselsetjinga ved slutten av 2019 – samanlikna med året før. I 2020 har det derimot vore ein nedgang.  

No er det 981 400 alderspensjonistar 

Ved slutten av desember 2020 fekk 981 400 personar alderspensjon. Det er 22 600 fleire enn på same tid i 2019. Det er venta at talet vil passere 1 million i løpet av 2021.

Sjå den nye kvartalsstatistikken for alderspensjon.

For meir informasjon kontakt pressevakta på telefon 40 00 31 44 eller e-post: presse@nav.no.