– Den stabile utviklinga i arbeidsløysa som vi såg i andre halvdel av fjoråret, held fram også i januar. Arbeidsløysa ligg framleis på eit lågt nivå, og sjølv med nedgangen i januar har den endra seg svært lite dei siste ni månadane, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng.

Delen heilt arbeidslause låg på 2,2 prosent av arbeidsstyrken i januar, justert for sesongvariasjonar, medan delen heilt arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak låg på 2,7 prosent. Arbeidsløysa i prosent av arbeidsstyrken har vore stabilt låg det siste halvåret.

Figur 1: Talet på heilt arbeidslause og bruttoarbeidsløysa (heilt arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak). Sesong- og brotjusterte tal.

Antall-ledige-jan-20.png

Kjelde: NAV

Figur 2: Heilt arbeidslause og bruttoarbeidsløysa (heilt ledige og arbeidssøkjarar på tiltak) i prosent av arbeidsstyrken. Sesong- og brotjusterte tal.
 

Andel-ledige-jan-20.png

Kjelde: NAV

Tala vi omtaler under, er ikkje sesongjusterte.

Lågare arbeidsløyse enn for eitt år sidan

Ved utgangen av januar var det registrert 68 100 heilt arbeidslause hos NAV. Dette svarar til ein nedgang på 3100 personar samanlikna med januar i fjor. Arbeidsløysa utgjer 2,4 prosent av arbeidsstyrken. 44 prosent av dei heilt arbeidslause fekk dagpengar i januar.

Til saman var 81 800 personar registrerte som heilt arbeidslause eller som arbeidssøkjarar på tiltak hjå NAV (bruttoarbeidsløysa) ved utgangen av januar. Det er 4 600 færre enn i januar i fjor. Bruttoarbeidsløysa utgjer 2,9 prosent av arbeidsstyrken.

Høgast arbeidsløyse innanfor bygg og anlegg

Ved utgangen av januar var arbeidsløysa høgast innanfor bygg og anlegg, med 3,9 prosent av arbeidsstyrken. Arbeidsløysa var lågast innanfor undervisning, med 0,8 prosent av arbeidsstyrken.

Samanlikna med januar i fjor var arbeidsløysa lågare i dei fleste yrkesgruppene. Nedgangen i talet på heilt arbeidslause var størst blant ingeniørar og ikt-medarbeidarar og innanfor reiseliv og transport. 

Høgast arbeidsløyse i Vestfold og Telemark

Vestfold og Telemark hadde den høgaste arbeidsløysa i januar, med 2,9 prosent av arbeidsstyrken. Deretter følgjer Oslo, Viken og Agder med 2,6 prosent. Trøndelag, Innlandet og Nordland har lågast arbeidsløyse med 2,1 prosent av arbeidsstyrken.

Det er lågare arbeidsløyse i dei aller fleste fylka samanlikna med januar i fjor. Arbeidsløysa har gått mest ned i Vestland og Møre og Romsdal (-14 %). Det er berre i Viken at arbeidsløysa har gått noko opp (4 %).

Redusert arbeidsløyse i alle aldersgrupper

Ved utgangen av januar var arbeidsløysa høgast i aldersgruppa frå 20 til 24 år, med 3,5 prosent av arbeidsstyrken. Arbeidsløysa er lågast for dei under 20 år og i aldersgruppa frå 50 til 59 år, med høvesvis 1,5 og 1,7 prosent av arbeidsstyrken.

Samanlikna med januar i fjor har arbeidsløysa gått ned i alle aldersgruppene. Nedgangen var størst for dei under 25 år og dei frå 40 til 49 år (- 6 %). 

Færre nye ledige stillingar

I januar blei det registrert 44 500 nye ledige stillingar på nav.no. Dette er 8 prosent færre nye utlysingar per virkedag enn for eitt år sidan. Det var flest nye utlysingar innanfor helse, pleie og omsorg (10 400), ingeniør- og ikt-fag (5 500) og bygg og anlegg (3 400).

For meir informasjon kontakt pressevakta hos NAV på telefon 40 00 31 44.

Hovedtall arbeidsmarkedet - januar 2020 (pdf)
Sesongjusterte hovedtall om arbeidsmarkedet - januar 2020 (pdf)
Helt ledige etter fylke og kommune - januar 2020 (pdf)
Hovedtall om arbeidsmarkedet oversiktsside
Arbeidsmarkedet nå - januar 2020 (pdf)