– Trass svak auke i talet på heilt arbeidslause i desember, ligg arbeidsløysa framleis på et lågt nivå. Arbeidsløysa har dermed heldt seg stabil i åtte månader på rad, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng.

Delen heilt arbeidslause låg på 2,3 prosent av arbeidsstyrken i desember, justert for sesongvariasjonar, medan delen heilt arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak låg på 2,7 prosent. Arbeidsløysa i prosent av arbeidsstyrken har vore relativt stabil i år.

Større fylkesvise og yrkesvise skilnadar det siste halve året

Dei siste seks månadene har halvparten av fylka opplevd ein nedgang i talet på dei registrerte heilt arbeidslause, medan i resten av fylka har talet auka eller heldt seg stabilt, ifølgje sesong- og brotjusterte tal. Den prosentvise nedgangen har vore størst i Sogn og Fjordane, Rogaland og Møre og Romsdal, medan i Akershus har auken vore størst.

Sesong- og brotjusterte tal viser at òg dei yrkesvise skilnadane har auka dei siste seks månadene. Medan åtte yrkesgrupper har hatt ein nedgang i arbeidsløysa, auka ho i seks yrkesgrupper og heldt seg uendra i ei yrkesgruppe. Blant anna har arbeidsløysa auka innan bygg og anlegg dei siste seks månadene. Ingeniør- og ikt-fag samt barne- og ungdomsarbeid har hatt den største prosentvise nedgangen. 

Figur 1: Talet på heilt arbeidslause og bruttoarbeidsløysa (heilt arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak). Sesong- og brotjusterte tal

antall-ledige-desember2019.png

Kjelde: NAV

Figur 2: Heilt arbeidslause og bruttoarbeidsløysa (heilt arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak) i prosent av arbeidsstyrken. Sesong- og brotjusterte tal

andel-ledige-desember2019.png

Kjelde: NAV

Tala vi omtaler under, er ikkje sesongjusterte. Endringstal er justerte for brotet i statistikken (sjå faktaboks).

Lågare arbeidsløyse enn for eitt år sidan

Ved utgangen av desember var det registrert 60 700 heilt arbeidslause hjå NAV. Når vi justerer for brotet i statistikken som innføringa av forenkla registrering førte til frå november 2018 (sjå faktaboks), svarer dette til ein nedgang på 3 100 personar samanlikna med desember i fjor. Arbeidsløysa utgjer 2,2 prosent av arbeidsstyrken. 46 prosent av dei heilt arbeidslause fekk dagpengar i desember.

Til saman var 75 000 personar registrerte som heilt arbeidslause eller som arbeidssøkjarar på tiltak hjå  NAV (bruttoarbeidsløysa) ved utgangen av desember. Det er 4 300 færre enn i desember i fjor. Bruttoarbeidsløysa utgjer 2,7 prosent av arbeidsstyrken.

Høgast arbeidsløyse innanfor bygg og anlegg

Ved utgangen av desember var arbeidsløysa høgast innanfor bygg og anlegg, med 3,3 prosent av arbeidsstyrken. Arbeidsløysa var lågast innanfor undervisning og akademiske yrke, med høvesvis 0,7 og 0,8 prosent av arbeidsstyrken.

Samanlikna med desember i fjor og justert for brotet, var talet på heilt arbeidslause lågare i dei fleste yrkesgruppene. Nedgangen var størst blant ingeniørar og ikt-medarbeidarar og innanfor reiseliv og transport. 

Høgast arbeidsløyse i Østfold

Østfold hadde den høgaste arbeidsløysa i desember, med 3,1 prosent av arbeidsstyrken. Deretter følgjer Finnmark med 2,7 prosent. Sogn og Fjordane har lågast arbeidsløyse med 1,4 prosent.

Det er lågare arbeidsløyse i dei fleste fylka samanlikna med desember i fjor. Arbeidsløysa har gått mest ned i Hordaland (-17 %). I fem av fylka har arbeidsløysa auka, og den relative auken var størst i Akershus (7 %).

Redusert arbeidsløyse i alle aldersgrupper

Ved utgangen av desember var arbeidsløysa høgast i aldersgruppa frå 20 til 24 år, med 2,9 prosent av arbeidsstyrken. Arbeidsløysa er lågast for dei under 20 og i aldersgruppa frå 50 til 59 år med høvesvis 1,4 og 1,6 prosent av arbeidsstyrken.

Samanlikna med desember i fjor har arbeidsløysa gått ned i alle aldersgruppene. Nedgangen var størst i aldersgruppa frå 40 til 49 år (-6 %). 

Færre nye ledige stillingar registrerte på nav.no

I desember blei det registrert 20 600 nye ledige stillingar på nav.no. Dette er 10 prosent færre nye utlysingar per virkedag enn for eitt år sidan. Det var flest nye utlysingar innanfor helse, pleie og omsorg (4 400), ingeniør- og ikt-fag (2 500) og reiseliv og transport (1 700). 

For meir informasjon kontakt pressevakta hjå NAV på presse@nav.no.

Hovedtall arbeidsmarkedet - desember 2019 (pdf)
Sesongjusterte hovedtall om arbeidsmarkedet - desember 2019 (pdf)
Helt ledige etter fylke og kommune - desember 2019 (pdf)
Hovedtall om arbeidsmarkedet oversiktsside
Arbeidsmarkedet nå - desember 2019 (pdf)