– Sjølv om tala viser svak auke for heilt arbeidslause denne månaden, har arbeidsløysa vore tilnærma uendra sidan april i år. Arbeidsløysa har dermed stabilisert seg på eit lågt nivå, både i talet på arbeidslause og som prosent av arbeidsstyrken, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng.

Delen heilt arbeidslause låg på 2,2 prosent av arbeidsstyrken i november, justert for sesongvariasjonar, medan delen heilt arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak låg på 2,7 prosent. Arbeidsløysa i prosent av arbeidsstyrken har vore relativt stabil hittil i år.

Figur 1: Talet på heilt arbeidslause og bruttoarbeidsløysa (heilt arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak). Sesong- og brotjusterte tal

antall-ledige-november2019

Kjelde: NAV

Figur 2: Heilt arbeidslause og bruttoarbeidsløysa (heilt ledige og arbeidssøkjarar på tiltak) i prosent av arbeidsstyrken. Sesong- og brotjusterte tal

del-ledige-november2019

Kjelde: NAV

Tala vi omtaler under, er ikkje sesongjusterte. Endringstal er justerte for brotet i statistikken (sjå faktaboks).

Lågare arbeidsløyse enn for eitt år sidan

Ved utgangen av november var det registrert 59 500 heilt arbeidslause hos NAV. Når vi justerer for brotet i statistikken som innføring av forenkla registrering førte til frå november 2018 (sjå faktaboks), svarer dette til ein nedgang på 4200 personar samanlikna med november i fjor. Arbeidsløysa utgjer 2,1 prosent av arbeidsstyrken. 45 prosent av dei heilt arbeidslause fekk dagpengar i november.

Til saman var 74 300 personar registrerte som heilt arbeidslause eller som arbeidssøkjarar på tiltak hjå NAV (bruttoarbeidsløysa) ved utgangen av november. Det er 5 300 færre enn i november i fjor. Bruttoarbeidsløysa utgjer 2,7 prosent av arbeidsstyrken.

Høgast arbeidsløyse innanfor reiseliv og transport

Ved utgangen av november var arbeidsløysa høgast innanfor reiseliv og transport, med 3,0 prosent av arbeidsstyrken. Arbeidsløysa var lågast innanfor akademiske yrke og undervisning, med 0,7 prosent av arbeidsstyrken.

Samanlikna med november i fjor og justert for brotet, var talet på heilt arbeidslause lågare i dei fleste yrkesgruppene. Nedgangen var størst innanfor reiseliv og transport og blant ingeniørar og ikt-medarbeidarar.

Høgast arbeidsløyse i Østfold

Østfold hadde den høgaste arbeidsløysa i november, med 3,0 prosent av arbeidsstyrken. Deretter følgjer Vestfold med 2,6 prosent. Sogn og Fjordane har lågast arbeidsløyse med 1,3 prosent.

Det er lågare arbeidsløyse i dei fleste fylka samanlikna med november i fjor. Arbeidsløysa har gått mest ned på Vestlandet, og aller mest i Hordaland (-18 %). Arbeidsløysa har gått noko opp i Oppland, Akershus, Vest-Agder og Østfold, og den relative auken var størst i Aust-Agder (7 %).

Redusert arbeidsløyse i alle aldersgrupper
Ved utgangen av november var arbeidsløysa høgast i aldersgruppa frå 20 til 24 år, med 2,8 prosent av arbeidsstyrken. Arbeidsløysa er lågast i aldersgruppa frå 50 til 59 år og for dei under 20 år, begge med 1,5 prosent.

Samanlikna med november i fjor har arbeidsløysa gått ned i alle aldersgruppene. Nedgangen var størst i aldersgruppa frå 20 til 24 år (-9 %).

Færre nye ledige stillingar registrerte på nav.no

I november blei det registrert 28 700 nye ledige stillingar på nav.no. Dette er 2 prosent færre nye utlysingar per virkedag enn for eitt år sidan. Det var flest nye utlysingar innanfor helse, pleie og omsorg (5800), ingeniør- og ikt-fag (3300) og butikk- og salsarbeid (2700).

 For meir informasjon kontakt pressevakta hjå NAV på presse@nav.no.

Hovedtall arbeidsmarkedet - november 2019 (pdf)
Sesongjusterte hovedtall om arbeidsmarkedet - november 2019 (pdf)
Helt ledige etter fylke og kommune - november 2019 (pdf)
Hovedtall om arbeidsmarkedet oversiktsside
Arbeidsmarkedet nå - november 2019 (pdf)