181 500 personar var registrert som heilt arbeidslause ved utgangen av mai, noko som utgjer 6,4 prosent av arbeidsstyrken. Bruttoarbeidsløysa, som er summen av heilt arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak, var på 194 000, eller 6,9 prosent av arbeidsstyrken.

I tillegg var 161 400 registrert som delvis arbeidslause. Tal frå NAV viser at 90 800 av dei heilt arbeidslause er permitterte, medan det same gjeld for 125 600 av dei delvis arbeidslause. Dei permitterte utgjer til saman 7,7 prosent av arbeidsstyrken.

– Sjølv om arbeidsløysa framleis er på eit ekstremt høgt nivå, held den positive trenden vi såg mot slutten av april fram også denne månaden. Talet på heilt arbeidslause har gått ned med over 100 000 personar sidan toppen i april. Auka i talet på delvis ledige ser også ut til å ha bremsa opp dei siste vekene, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng. 

Samanlikna med april er 87 500 færre registrert som heilt arbeidslause, ein nedgang på 33 prosent. Nedgangen har vore jamt fordelt gjennom heile mai. Bruttoarbeidsløysa har falt med 87 800 personar den siste månaden. 

Talet på delvis arbeidslause har fortsett å auke den siste månaden, men det kjem i hovudsak av ei stor auke dei to fyrste vekene i mai. Ved utgangen av mai var 161 400 registrert som delvis arbeidslause, noko som utgjer 5,7 prosent av arbeidsstyrken. Dette er ei auke på 22 200 personar frå slutten av april.

Figur 1: Talet på heilt arbeidslause, delvis arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak. Tal per veke for 2020, unntatt veke 16 (sjå faktaboks)  

Arbeidssøkjarar - mai 2020.PNG

Kjelde: NAV

Størst nedgang innan serviceyrker og anna arbeid

Den siste månaden har det vore ein nedgang i talet på heilt arbeidslause innan alle yrkesgrupper. Målt i talet på personar var nedgangen størst innan yrkesgruppa serviceyrker og anna arbeid med 16 300 personar. 

Nedgangen i talet på heilt arbeidslause må sjåast i samanheng med auka i talet på delvis arbeidslause. Talet på delvis arbeidslause auka for dei fleste yrkesgruppene, og aller mest innan reiseliv og transport, samt innan serviceyrker og anna arbeid, med ei auke på 7 500 personar i begge gruppene. Nedgangen i heilt arbeidslause var derimot høgare enn auka i delvis arbeidslause for alle yrkesgrupper.

Ved utgangen av mai var talet på heilt arbeidslause som del av arbeidsstyrken høgast innan reiseliv og transport med 18,5 prosent av arbeidsstyrken, og lågast innan undervisning med 1,6 prosent.

Nedgang i arbeidsløysa i alle fylker

Talet på heilt arbeidslause har gått ned i alle fylker den siste månaden. Fylka som har hatt størst nedgang er Trøndelag, Innlandet og Nordland (-37 %). Sjølv om talet på delvis arbeidslause har gått opp i alle fylker frå april, har denne auka vore mindre enn nedgangen i heilt arbeidslause. Auka i talet på delvis arbeidslause var størst i Oslo (24 %) og Vestland (23 %).

Delen heilt arbeidslause i prosent av arbeidsstyrken var ved utgangen av mai høgast i Oslo med 8,6 prosent, og lågast i Nordland med 4,9 prosent.

Lågare arbeidsløyse i alle aldersgrupper

Talet på heilt arbeidslause gjekk ned i alle aldersgrupper samanlikna med april. Nedgangen i talet på heilt arbeidslause var størst i aldersgruppa 30 til 39 år etterfølgt av dei mellom 40 og 49 år, med høvesvis 22 300 og 16 200 færre heilt arbeidslause. 

Det var samtidig ei auke i talet på delvis arbeidslause i alle aldersgrupper. Auka var størst i aldersgruppa 30 til 39 år med 6 700, etterfølgt av dei mellom 25 og 29 år med 4 200 fleire delvis arbeidslause. 

Ved utgangen av mai var arbeidsløysa høgast for dei mellom 20 og 24 år med 9,8 prosent av arbeidsstyrken, og lågast for dei under 20 år med 3,6 prosent av arbeidsstyrken.

Færre nye ledige stillingar registrert på nav.no

I løpet av april blei det registrert 28 000 nye ledige stillingar på nav.no. Dette er 27 prosent færre nye utlysingar per virkedag enn same månad i fjor. Det var flest nye utlysingar innan helse, pleie og omsorg (6 700) og undervisning (3 200).

Helse, pleie og omsorg (5 %) og jordbruk, skogbruk og fiske (13 %) var dei to einaste yrkesgruppene med fleire utlyste stillingar per virkedag samanlikna med fjoråret. Det blei registrert 300 nye utlysingar innan jordbruk, skogbruk og fiske.

For meir informasjon, kontakt pressevakta hjå NAV.

Sjå også NAV si samleside over statistikk som viser konsekvensane av korona-viruset.