2 300 færre arbeidssøkjarar førre veke

Tysdag 20. april er det registrert 206 200 heilt ledige, delvis ledige og arbeidssøkjarar på tiltak hjå NAV. Det er 2 300 færre enn førre veke.

– Den siste veka har det vore ein nedgang i talet på arbeidssøkjarar. Dette må sjåast i samanheng med reverseringa av dei nasjonale smittevernstiltaka som kom førre veke, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte.

119 600 personar er registrert som heilt ledige hjå NAV, ifølgje førebelse tal. Dette utgjer 4,2 prosent av arbeidsstyrken og er 2 000 færre enn førre veke. Bruttoarbeidsløysa, som er summen av talet på heilt ledige og arbeidssøkjarar på tiltak, er på 137 500 personar. Det er 1 500 færre enn førre veke. Bruttoarbeidsløysa utgjer no 4,9 prosent av arbeidsstyrken. 
I tillegg er 68 700 personar registrert som delvis arbeidsledige. Det er 800 færre enn førre veke. Totalt er dermed 206 200 personar registrert som arbeidssøkjarar hjå NAV, noko som utgjer 7,3 prosent av arbeidsstyrken.

Figur 1. Mengda heilt ledige, delvis ledige og arbeidssøkjarar på tiltak og summen av arbeidssøkjarar. Tal per uke for 2020 og 2021.
 

 

Ukentlige ledighetstall uke 16 2021.PNG
Kilde: NAV

Færre permitterte

42 700 av dei heilt ledige er permitterte, og det same gjeld 36 300 av dei delvis ledige. Talet på permitterte har dermed gått ned med 1 300 personar sidan førre veke. Det er no registrert til saman 79 100 permitterte arbeidssøkjarar, som utgjer 2,8 prosent av arbeidsstyrken.
– Det er spesielt mengda heilt permitterte som har gått ned den siste veka. Talet på permitterte går mest ned innan butikk- og salsarbeid, samt innan bygg og anlegg, seier Holte.

Færre nye arbeidsssøkjarar

Den siste veka har 3 700 personar registrert seg som arbeidssøkjarar hjå NAV. Det er 1 100 færre enn førre veke. Det er størst nedgang i nye arbeidssøkjarar som oppgjev permittering som registreringsårsak, med 700 færre. 33 prosent av dei nye arbeidssøkjarane oppgjev permittering som grunn til at dei registrerer seg som arbeidssøkjar, mot 40 prosent førre veke.

Færre nye dagpengesøknader

I løpet av veke 15 mottok NAV 4 500 nye søknader om dagpengar. Det er 500 færre enn førre veke. 51 prosent av søknadane gjeld dagpengar ved permittering. 
Det kom flest nye dagpengesøknadar frå personar som jobba innan varehandel (900) samt overnattings- og serveringsverksemd (800). 
 

Se tala i ukentlig statistikk over arbeidsledighet

Se også nye tal på statistikksidene Søknader om dagpenger og Varsel om permittering og masseoppsigelser.

For meir informasjon, ta kontakt med pressevakta på telefon 40 00 31 44 eller presse@nav.no.

Fakta

Fakta om statistikken

Det vart ikkje publisert statistikk om arbeidssøkjarar i veke 14 grunna påsken. Rundt heilagdagar er rutinen for innsending og utrekning av meldekort annleis enn i vanlege veker. Dette gjerast for å kunne utbetale stønadar før heilagdagane. Konsekvensen for statistikken er at opplysingar om arbeidssøkjarstatus vil vere utdatert og kanskje feilaktig for veke 14. Dette løyser seg i dei påfølgjande vekene når vanleg rutine for meldekort vert tatt opp att.