105 300 personar var registrert som heilt arbeidslause ved utgangen av september, noko som utgjer 3,7 prosent av arbeidsstyrken. Bruttoarbeidsløysa, som er summen av heilt arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak, var på 117 800, eller 4,2 prosent av arbeidsstyrken. I tillegg var 80 100 personar registrert som delvis arbeidslause.

Tal frå NAV viser at 25 600 av dei heilt arbeidslause er permitterte, mens det same gjeld for 39 100 av dei delvis arbeidslause. Dei permitterte utgjer til saman 2,3 prosent av arbeidsstyrken. Talet på permitterte har gått ned med 25 300 personar sidan august, og den store nedgangen i talet på permitterte held dermed fram. Nedgangen i september skuldast delvis NAV sin definisjon av permitterte (sjå faktaboks).

– Arbeidsløysa held fram med å gå nedover også i september, og nok ein gong skuldast det i hovudsak ein nedgang i talet på permitterte. Denne månaden går arbeidsløysa ned i alle fylker og for dei aller fleste yrkesgruppene, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte.

Etter ei auke i slutten av juli og byrjinga av august har talet på heilt arbeidslause gått nedover sidan (ikkje justert for sesongvariasjonar). Ved utgangen av september var det registrert 16 900 færre heilt ledige enn i august. Talet på arbeidssøkjarar på tiltak har derimot auka den seinaste månaden, slik at nedgangen i bruttoarbeidsløysa er på 15 100 personar.

Talet på delvis arbeidslause har minka med 3 500 personar i løpet av september. Det var ei auke i talet på delvis arbeidslause frå midten av august til byrjinga av september, men talet har gått ned igjen dei siste fire vekene. Det er vanleg at fleire skiftar status frå delvis arbeidslaus til heilt arbeidslaus i løpet av sommaren. Det skuldast at delvis arbeidslause normalt har mindre arbeid i denne perioden og at fleire kjem tilbake til delvis stilling i løpet av august.

Figur 1. Talet på heilt arbeidslause, delvis arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak. Tal per veke for 2020, unntatt veke 16.

Arbeidssøkjarar - sept 2020.PNG

Kjelde: NAV

Størst nedgang innan butikk- og salsarbeid

Talet på heilt arbeidslause gjekk ned eller haldt seg stabilt for alle yrkesgrupper frå august til september. Målt i talet på personar var nedgangen størst innan butikk- og salsarbeid med 2 000 personar, følgt av barne og ungdomsarbeid med 1 600. 

Talet på delvis arbeidslause har også gått ned i dei fleste yrkesgruppene. Nedgangen var størst innan butikk- og salsarbeid og reiseliv og transport, med høvesvis 1 200 og 800 færre delvis arbeidslause. 

Ved utgangen av september var talet på heilt arbeidslause som del av arbeidsstyrken høgast innan reiseliv og transport med 8,3 prosent, og lågast innan undervisning med 1,2 prosent.

Færre heilt arbeidslause i alle fylker

Talet på heilt arbeidslause har gått ned i alle fylker den seinaste månaden. Den prosentvise nedgangen er størst i Trøndelag og Troms og Finnmark med 18 prosent færre heilt arbeidslause jamført med førre månad. Talet på delvis arbeidslause har også gått ned i alle fylker i løpet av september. 

Talet på heilt arbeidslause som del av arbeidsstyrken var størst i Oslo med 4,9 prosent, og lågast i Nordland med 2,6 prosent.

Størst nedgang i arbeidsløysa for dei under 20 år 

Talet på heilt arbeidslause gjekk ned i alle aldersgrupper frå august til september. Nedgangen var størst for dei under 20 år og dei mellom 50 og 59 år med høvesvis 18 og 16 prosent nedgang. Talet på delvis arbeidslause gjekk også ned for alle aldersgrupper. Den prosentvise nedgangen var størst for dei under 20 år, noko som må sjåast i samanheng med oppstart av nytt studieår.

Ved utgangen av september var talet på heilt arbeidslause som del av arbeidsstyrken høgast blant dei mellom 20 og 24 år med 5,2 prosent, og lågast blant dei under 20 år med 1,9 prosent.

Færre nye ledige stillingar registrert på nav.no

I løpet av september blei det registrert 38 100 nye ledige stillingar på nav.no. Det er 3 prosent færre nye utlysingar per vyrkedag enn same månad i fjor. Det var flest nye utlysingar innan helse, pleie og omsorg (8 700), bygg og anlegg (4 300) og butikk- og salsarbeid (3 900).

Auken i utlyste stillingar per vyrkedag jamført med same månad i fjor var størst innan helse, pleie og omsorg (23 %), medan nedgangen var størst innan ingeniør- og ikt-fag (-32 %).

Den fallande trenden i arbeidsløysa held fram

Ifylgje sesongjusterte tal har nedgangen i talet på registrerte heilt arbeidslause og bruttoarbeidsløysa halde fram også i september. Talet på heilt arbeidslause og bruttoarbeidsløysa har gått kraftig ned sidan den store auka i mars, og begge gjekk ned med om lag 9 prosent i løpet av september. Dermed var nedgangen noko svakare enn førre månad.

Det sesongjusterte talet på heilt arbeidslause og bruttoarbeidsløysa har frå august til september også gått ned i alle fylker og alle yrkesgrupper, med unntak av jordbruk, skogbruk og fiske der talet er stabilt.

Figur 2. Heilt arbeidslause og bruttoarbeidsløysa (heilt arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak) i prosent av arbeidsstyrken. Sesong- og brotjusterte tal.  

prosentdel arbeidssøkjarar - sept 2020.PNG

Kjelde: NAV

For meir informasjon, kontakt pressevakta hos NAV på telefon 400 03 144.