11 500 færre arbeidssøkjarar i august
Ved utgangen av august er det registrert 140 200 heilt arbeidslause, delvis arbeidslause og arbeisdssøkjarar på tiltak hjå NAV, noko som utgjer 5,0 prosent av arbeidsstyrken. Dette er 11 500 færre enn ved utgangen av juli, justert for sesongvariasjonar.
– Betringa på arbeidsmarknaden fortsette i august. Talet på heilt arbeidslause er no lågare enn det høgaste nivået under oljeprisfallet i 2015/16, men talet på delvis arbeidslause er framleis høgt, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte.
75 800 personar var registrert som heilt arbeidslause ved utgangen av august, noko som utgjer 2,7 prosent av arbeidsstyrken. Bruttoarbeidsløysa, som er summen av heilt arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak, var på 90 400 personer, eller 3,2 prosent av arbeidsstyrken. I tillegg var 49 700 registrert som delvis arbeidslause.
11 500 av dei heilt arbeidslause er permitterte, medan det same gjeld for 19 900 av dei delvis arbeidslause. Dei permitterte utgjer til saman 1,1 prosent av arbeidsstyrken.
– Ein stor del av nedgangen i talet på arbeidssøkjarar dei siste månadene skuldast færre permitterte. Samanlikna med utgangen av mars har det blitt 71 600 færre arbeidssøkjarar registrert hos NAV, og 48 200 av dette kjem av færre permitterte, seier Holte.
Figur 1: Utvikling i talet på heilt arbeidslause, delvis arbeidslause, bruttoarbeidsløysa, og talet på arbeidssøkjarar i alt per månad. Sesong- og brotjusterte tal.
Figur 2: Utvikling i delen heilt arbeidslause, delvis arbeidslause, bruttoarbeidsløysa, og talet på arbeidssøkjarar i alt per månad. Prosent av arbeidsstyrken. Sesong- og brotjusterte tal.
I løpet av august registrerte 16 100 personar seg som arbeidssøkjarar hjå NAV. Det svarer til om lag 600 per vyrkedag. Personar som oppgir at dei har mista eller kjem til å miste jobben utgjer den største gruppa, med 29 prosent av dei nye arbeidssøkjarane. 11 prosent seier dei er nyutdanna eller akkurat ferdig med militærteneste. Berre 9 prosent oppgav permittering som årsak til at dei registrerer seg.
Størst nedgang innan reiseliv og transport
Talet på arbeidssøkjarar gjekk ned for alle yrkesgrupper frå juli til august. Nedgangen var størst for dei med bakgrunn frå reiseliv og transport, serviceyrker og anna arbeid, samt butikk- og salsarbeid. Nedgangen i talet på heilt arbeidslause var størst innan reiseliv og transport, med 2 500 færre heilt arbeidslause enn førre månad, justert for normale sesongvariasjonar. Ved utgangen av august var delen heilt arbeidslause høgast innan reiseliv og transport, med 5,2 prosent av arbeidsstyrken, og lågast innan akademiske yrker, med 0,9 prosent.
Størst nedgang i Viken og Troms og Finnmark
Talet på arbeidssøkjarar har gått ned i alle fylker den siste månaden, justert for normale sesongvariasjonar. Nedgangen var størst i Viken (-11%) og Troms og Finnmark (-11 %). Delen heilt arbeidslause i prosent av arbeidsstyrken er høgast i Oslo, med 3,5 prosent, og lågast i Nordland med 1,9 prosent.
Størst nedgang for unge
Talet på arbeidssøkjarar gjekk ned blant alle aldersgrupper i august, og det var størst nedgang i talet på arbeidssøkjarar blant dei under 25 år (-12 %). Ved utgangen av august er delen heilt arbeidslause høgast i aldersgruppa 30-39 år, med 3,6 prosent av arbeidsstyrken, og lågast for dei under 20, med 1,4 prosent.
Høg etterspurnad etter arbeidskraft
I løpet av august vart det registrert 45 900 nye ledige stillingar på arbeidsplassen.no. Det svarar til 1 800 nye ledige stillingar per vyrkedag, mot 1 500 i juli. Det var flest nye utlysingar innan helse, pleie og omsorg (7 900), bygg og anlegg (6 000), samt butikk- og salsarbeid (5 800). På grunn av feil i publisert statstikk for ledige stillingar for 2020 er tala ikkje direkte samanliknbare med august 2020.
Faktaboks
Delvis arbeidslause Ein gjennomgang av data frå meldekorta dei arbeidslause sender inn til NAV, viser at om lag 20 prosent av dei delvis arbeidslause har arbeida meir enn 35 timer i gjennomsnitt dei siste to vekene. Delen i august 2021 er om lag 3 prosentpoeng høgare same periode i fjor. Dette vil både være personar som har skiftande arbeidstid og personar som er tilbake i arbeid, men som framleis sender inn meldekort. Talet på delvis arbeidslause kan dermed være noko for høgt i statistikken til NAV.
Ledige stillingar NAV har avdekka at publisert statistikk for ledige stillingar for 2020 var for lav. Vi har derfor valt å fjerne talla frå kolonna «Endring fra i fjor per virkedag. Prosent» i tabellane som inneheld stillingar. For august 2020 viste publisert statistikk 21 431 nye stillingar, mens det korrekte talet er om lag 24 590 stillingar. NAV estimerer altså ei auke på om lag 21 280 stillingar frå august i fjor til august i år. Det svarar til 605 fleire stillingar per vyrkedag (+ 49 prosent).
Sesongjusterte tal Arbeidsløysa fylgjer gjerne eit fast mønster gjennom året, såkalla sesongvariasjonar. For eksempel aukar alltid arbeidsløysa frå desember til januar, på grunn av at mange kontraktar går ut ved nyttår. Den aukar også om sommaren når mange nyutdanna skal i på arbeidsmarknaden. For å korrigere for desse faste svingingane og finne den underliggjande trenden brukar vi sesongjusterte tal. For meir om metoden som brukast, sjå Om sesongjusteringsmetode.
For meir informasjon, kontakt pressevakta hjå NAV på telefon 400 03 144 eller presse@nav.no.
Se statistikken:
Hovedtall om arbeidsmarkedet oversiktsside
Hovedtall arbeidsmarkedet - august 2021 (pdf)
Hovedtall arbeidsmarkedet delvis ledige - august 2021 (pdf)
Hovedtall arbeidsmarkedet permitterte - august 2021 (pdf)
Sesongjusterte hovedtall om arbeidsmarkedet - august 2021 (pdf)
Helt ledige - Januar 1991 - august 2021 (pdf)