Publisert 1. oktober 2021|Oppdatert 1. oktober 2021
Ved utgangen av september er det registrert 129 600 heilt arbeidslause, delvis arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak hjå NAV, noko som utgjer 4,6 prosent av arbeidsstyrken. Dette er 10 500 færre enn ved utgangen av august, justert for sesongvariasjonar.
– Vi ser at gjenåpninga i stor grad påverkar arbeidsmarkanden. Etterspurnaden etter arbeidskraft er på eit rekordhøgt nivå og det er stadig færre som er registrert som arbeidssøkjarar hjå NAV, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte.
67 600 personar var registrert som heilt arbeidslause ved utgangen av september, noko som utgjer 2,4 prosent av arbeidsstyrken. Bruttoarbeidsløyse, som er summen av heilt arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak, var på 83 400 personar, eller 2,9 prosent av arbeidsstyrken. I tillegg var 46 200 personar registrert som delvis arbeidslause.
8 800 av dei heilt arbeidslause er permitterte, medan det same gjeld for 16 000 av dei delvis arbeidslause. Dei permitterte utgjer til saman 0,9 prosent av arbeidsstyrken.
Figur 1: Utvikling i talet på heilt arbeidslause, delvis arbeidslause, bruttoarbeidsløysa, og talet på arbeidssøkjarar i alt per månad. Sesong- og brotjusterte tal
Figur 2: Utvikling i delen heilt arbeidslause, delvis arbeidslause, bruttoarbeidsløysa, og talet på arbeidssøkjarar i alt per månad. Prosent av arbeidsstyrken. Sesong- og brotjusterte tal
I løpet av september registrerte 12 700 personer seg som arbeidssøkjarar hjå NAV, noko som svarar til om lag 600 per vyrkedag. Personar som har mista eller kjem til å miste jobben utgjer den største gruppa av dei ny arbeidssøkjarane, med 29 prosent. 12 prosent seier dei er usikre på jobbsituasjonen sin, og 11 prosent har sagt opp eller kjem til å seie opp jobben sin. Berre 10 prosent oppgav permittering som årsak til at dei registrerer seg.
Størst nedgang innan reiseliv og transport
Talet på arbeidssøkjarar gjekk ned for alle yrkesgrupper frå august til september. Justert for normale sesongvariasjonar var nedgangen størst for dei med bakgrunn frå reiseliv og transport (-2 600), serviceyrker og anna arbeid (-1 300), samt butikk- og salsarbeid (-1 200). Talet på heilt arbeidslause gjekk ned for alle yrkesgrupper med unntak av personar med bakgrunn frå undervisning, mens talet på delvis arbeidslause gjekk ned for alle yrkesgrupper.
Ved utgangen av september var delen heilt arbeidslause høgast innan reiseliv og transport, med 4,6 prosent av arbeidsstyrken, og lågast innan akademiske yrker og undervisning, begge med 0,8 prosent.
Størst nedgang i Oslo
Talet på arbeidssøkjarar har gått ned i alle fylker den siste månaden, justert for normale sesongvariasjonar. Nedgangen var størst i Oslo (-8 %) og Vestland (-7 %). Både talet på heilt arbeidslause og delvis arbeidslause gjekk ned i alle fylker.
Delen heilt arbeidslause i prosent av arbeidsstyrken er høgast i Oslo, med 3,1 prosent, og lågast i Nordland og Troms og Finnmark, begge med 1,7 prosent.
Størst nedgang i aldersgruppa 20 – 24 år
Talet på arbeidssøkjarar gjekk ned blant alle aldersgrupper frå august til september. Det var størst nedgang i talet på arbeidssøkjarar blant dei mellom 20 og 24 år (-9 %).
Delen heilt arbeidslause er høgast i aldersgruppa 30-39 år, med 3,2 prosent av arbeidsstyrken, og lågast for dei under 20 år, med 1,3 prosent av arbeidsstyrken.
Høg etterspurnad etter arbeidskraft
I løpet av september vart det registrert 45 000 nye ledige stillingar på arbeidsplassen.no. Det svarar til 2 200 ledige stillingar per vyrkedag. Justert for sesongvariasjonar er dette 100 fleire stillingar per vyrkedag enn førre månad.
Det var flest nye utlysingar innan helse, pleie og omsorg (9 400), butikk- og salsarbeid (5 100) og bygg og anlegg (4 400). På grunn av feil i publisert statistikk for ledige stillingar for 2020 er tala ikkje direkte samanliknbare med september 2020.
For meir informasjon, kontakt pressevakta hjå NAV på telefon 400 03 144 eller presse@nav.no.
Hovedtall om arbeidsmarkedet oversiktsside
Hovedtall arbeidsmarkedet - september 2021 (pdf)
Hovedtall arbeidsmarkedet delvis ledige - september 2021 (pdf)
Hovedtall arbeidsmarkedet permitterte - september 2021 (pdf)
Sesongjusterte hovedtall om arbeidsmarkedet - september 2021 (pdf)
Helt ledige - Januar 1991 - september 2021 (pdf)
Fakta
Delvis arbeidslause
Ein gjennomgang av data frå meldekorta dei arbeidslause sender inn til NAV, viser at om lag 20 prosent av dei delvis arbeidslause har arbeida meir enn 35 timer i gjennomsnitt dei siste to vekene. Delen i september 2021 er på nivå med same periode i fjor. Dette vil både være personar som har skiftande arbeidstid og personar som er tilbake i arbeid, men som framleis sender inn meldekort. Talet på delvis arbeidslause kan dermed være noko for høgt i statistikken til NAV
Ledige stillingar
NAV har avdekka at publisert statistikk for ledige stillingar for 2020 var for lav. Vi har derfor valt å fjerne talla frå kolonna «Endring fra i fjor per virkedag. Prosent» i tabellane som inneheld stillingar. For september 2020 viste publisert statistikk 38 059 nye stillingar, mens det korrekte talet er om lag 43 610 stillingar. NAV estimerer altså ei auke på om lag 1 376 stillingar frå september i fjor til september i år. Det svarar til 505 fleire stillingar per vyrkedag (+ 29 prosent).
Sesongjusterte tal
Arbeidsløysa fylgjer gjerne eit fast mønster gjennom året, såkalla sesongvariasjonar. For eksempel aukar alltid arbeidsløysa frå desember til januar, på grunn av at mange kontraktar går ut ved nyttår. Den aukar også om sommaren når mange nyutdanna skal i på arbeidsmarknaden. For å korrigere for desse faste svingingane og finne den underliggjande trenden brukar vi sesongjusterte tal. For meir om metoden som brukast, sjå Om sesongjusteringsmetode.