Pressemelding
Svak auke i talet på uføretrygda i 1. kvartal 2022
Publisert 6. mai 2022
Ved utgangen av mars 2022 fekk 363 100 personar uføretrygd. Dette er 2 100 fleire mottakarar enn ved utgangen av førre kvartal. Delen uføretrygda i befolkninga har likevel halde seg stabil dei siste fem kvartala på 10,5 prosent.
– Talet på mottakarar av uføretrygd har auka svakt i fyrste kvartal, men samstundes held delen uføre i befolkninga seg stabil. Fleire enn ein av ti personar i alderen 18-67 år får uføretrygd ved utgangen av 1. kvartal. Delen uføretrygda aukar med alderen, og det er særleg mange kvinner i alderen 50-64 år som får uføretrygd, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte.
Overgangen frå AAP
Dei fleste nye uføretrygda har ei fortid som mottakarar av AAP. Delen som kjem frå AAP i løpet av 1. kvartal 2022 var på 67,7 prosent. Det er ein nedgang på 11,3 prosentpoeng frå kvartalet før. Som følgje av koronapandemien observerer me ein lågare del av dei nye uføretrygda som kjem frå AAP i denne perioden samanlikna med tidlegare år. Dette skyldast mellom anna at personar som nærma seg slutten av AAP-perioden fekk forlenga den på grunn av mellombelse endringar i AAP-regelverket under koronakrisa. Forlengingane går ut 30. juni i år. Deretter antar me at talet som sluttar å få AAP og startar å få uføretrygd vil auke mot slutten av året.
Uføredel og aldersvariasjonar per fylke
Samanlikna med førre kvartal har prosentdelen som får utbetalt uføretrygd i alderen 30 til 49 år auka. Det same gjeld for 65-67-åringane. For dei andre aldersgruppene var delen stabil.
Det er særleg stor variasjon i delen blant unge uføre (18-29 år) fordelt etter fylke. I Oslo (1,3 %) var det klart færrast unge uføre, medan det var klart flest i Vestfold og Telemark (3,9 %), Innlandet (3,5 %) og Agder (3,4 %).
Flest fekk uføretrygd i Agder, Nordland og Innlandet
Delen som fekk uføretrygd i prosent av befolkninga var høgast i Agder (14,3 %), Nordland (14,0 %) og Innlandet (13,8 %), medan det var færrast i Oslo (6,2 %).
– Fylke med høg prosentdel eldre har òg ein høg prosentdel som får uføretrygd. Yngre befolkning trekker derimot prosentdelen som får uføretrygd ned. Det same gjer ein meir fleksibel og variert arbeidsmarknad i hovudstadsregionen. Lokale variasjonar i helse- og utdanningsnivå vil òg ha innverknad på kor mange som mottek uføretrygd, seier Holte.
For meir informasjon, kontakt pressevakta hjå NAV på epost presse@nav.no eller telefon 400 03 144.