Lågare vekst i talet på uføretrygda i 2020

Talet på personar som mottek uføretrygd per desember 2020 var 357 600. Det var ei auke på 5 400 mottakarar samanlikna med same tidspunkt i 2019. Samanlikna med førre kvartal, auka talet med 400 personar.

Delen uføretrygda i prosent av befolkninga var på 10,4 prosent per desember 2020. Det var ei auke på 0,1 prosentpoeng på eit år. Samanlikna med utgangen av førre kvartal, var det ingen auke i prosentdelen uføre. 

I løpet av 2020 kom det om lag 29 000 nye uføremottakarar. Det er ein kraftig nedgang i forhold til dei to førre åra. Samstundes var òg avgangen høgare i 2020 enn dei førre åra, slik at i alt var det ein vesentleg lågare vekst i talet på uføretrygda løpet av 2020 enn i åra før.
 
– Som følgje av regelendringar under koronapandemien har færre personar gått frå arbeidsavklaringspengar til uføretrygd. Det har bidrege til at både talet på personar som får uføretrygd og prosentdelen blei lågare i 2020 enn vi antok for eit år sidan. Me antar at dette er ein mellombels effekt, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte.

Figur 1. Talet på mottakarar av uføretrygd 18-67 år. 1996-2020. Prognose 2021-2022.

4.kv2020-uføre-tal.PNG

Kjelde: NAV.  

Ny prognose tilseier auke dei neste to åra

NAV har utarbeida ein ny prognose over forventa utvikling i talet på personar med uføretrygd i 2021 og 2022. NAV ventar 364 700 mottakarar i desember 2021 og 378 200 mottakarar ved utgangen av 2022. Dei nye anslaga inneber ein auke på 2 prosent i 2021 og 3,7 prosent i 2021. Me ventar framleis ein relativt høg overgang frå arbeidsavklaringspengar til uføretrygd i åra som kjem, og at 10,5 prosent av befolkninga i alderen 18-67 år får uføretrygd ved utgangen av 2021, medan 10,8 prosent får uføretrygd ved utgangen av 2022.

Figur 2. Prosentdelen mottakarar av uføretrygd 18-67 år. 1996-2020. Prognose 2021-2022.
 

4.kv2020-uføre-prosentdel.PNG

Kjelde: NAV.  

Færre kjem frå AAP

Dei fleste nye uføretrygda har ein fortid som mottakarar av arbeidsavklaringspengar. Historisk ligg prosentdelen som kjem frå AAP på om lag 80 prosent av dei nye mottakarane. I løpet av 2020 var denne delen på 74 prosent. Til samanlikning var denne delen i 2019 på 78 prosent og i 2018 på 80 prosent. I 2020 har folk blitt gåande lenger på AAP som følgje av mellombelse regelendringar under koronapandemien.

Auke for dei under 54 år

Samanlikna med for eitt år sidan, har prosentdelen som får uføretrygd mellom 18 og 54 år auka, medan for dei over 60 år gjekk prosentdelen ned. For dei mellom 5054 år  var prosentdelen for personar som får uføretrygd stabil.

Geografiske variasjonar

Delen som fekk  uføretrygd i prosent av befolkninga var høgast i Agder (14,1 %), Nordland (13,8 %) og Innlandet (13,7 %), medan det var færrast i Oslo (6,2 %), Vestland (8,7 %) og Rogaland (8,8 %). 

– Fylker med høg prosentdel eldre, har også høg prosentdel uføre. Yngre befolkning og ein meir fleksibel arbeidsmarknad i hovudstadsregionen er med på å trekke prosentdelen som får uføretrygd ned. Lokale variasjonar i helse og utdanningsnivå har også innverknad på kor mange som får uføretrygd, seier Holte. 

For meir informasjon, kontakt pressevakta hjå NAV på telefon 400 03 144.

Les meir: